Bra! Betre seint enn aldri, spør du meg. For alt det som har hendt i likestillinga sitt namn, har sett bort frå denne sanninga.

Det har gjort at kvinner har kome i skvis. Skal ein velje å få barn, og henge med på det kjøret? Eller skal vi la vere, og få samme rettigheiter som menn, i arbeidslivet?

Dei to tinga er vanskelig å samkjøre på grunn av den «hysteriske likestillinga», som eg vel å kalle det.

Fordi det å vere gravid, føde, og vere i barsel, er ekstremsport. Vi har kanskje verdas beste økonomiske ordningar for mødre og fedre. Men det er ein hake ved det, at mannen på død og liv skal inn og ha halvparten av permisjonen! Riset bak speilet, om du ikkje bruker denne ordninga, er tap av barselpengar.

Fremmer vi kvinnehelse med å sette mannen inn i ein posisjon han ikkje liker, og som svekker også han i arbeidsmarknaden?

Nei! La kvinna få vere mor! Klare fullamming, og få tid til å rekreere etter ein fødsel. Der har vore ein storm av hormon i sving, for at graviditet og amming skulle lukkast. Nå skal dei tilbake til normalen, og det tek tid. Meir tid enn dei 6 vekene til blødningane er slutt. Spør kvinner, og dei veit kva ammetåka er!

Mor treng ro i ammeperioden, og for barnet er det av største verdi at mor er der.

Og dette tor eg sitje å skrive på kvinnedagen? Ja, for etter kvart ser det ut som at vi må tilbake til naturen, og godta at menn og kvinner er forskjellige, biologisk svært forskjellige.

Måtte det komme noko godt ut av denne rapporten. At kvinner har sine reproduktive organer er godtatt. Likevel er ikkje plagane omkring menopausen tatt alvorleg. Det er «bare noko som kvinner har», så det er ikkje så viktig. At det er så stor skilnad på sjukdomar i kroppen elles, har vi heller ikkje akta på.

Vi kan også reflektere over andre sjukdomar kvinner har, som ikkje er like vanlege for menn, til dømes fibromyalgi, ME og depresjon. Dei diagnosane har ikkje rare statusen, og vert i liten grad forska på. Kvifor? Er dette likestilling?

Nei, la oss først få på plass kvinnehelse, så kanskje vi kan begynne å snakke om likestilling!

Hva mener du? Du kan sende et debattinnlegg til debatt@fvn.no

Innlegget må være minst 1000 tegn, og kunne stå for seg selv.

Les mer her om hvordan du skriver et godt debattinnlegg.