Det siste som folk har fått augene for, er Bård Tufte Johansen i NRK-serien ”Oppsynsmannen”. Å bruke en person som er TV-kjendis, satiriker og humor-mann i denne rolla, er genialt. Vi blir nyfikne, og lurer på; kvar står han når det gjeld naturvern? Kanskje visste han ikkje det sjølv, eingong. Men ein får meir trua på han, enn om ein biolog skulle vore programleiar.

Så har han tatt kontakt med biologar, mellom anna Anne Sverdrup Thygesen. Ho er eit oppkomme av enkle formuleringar om kompliserte sammanhengar i naruren. To av dei siste bøkene hennar, ei om insekt og ei om skogen, er lettlesne og interessante.

Grunnlaget for serien var ei oversikt over all natur som er bygd ned dei siste åra, som vart laga av nrk, ved hjelp av kunstig intelligens. Det var ein sjokkerande rapport. Eg har alltid vore glad i naturen, men eg er av dei som har tenkt at, natur har vi meir enn nok av i Noreg. Av ”ekte” skog med stort biologisk mangfald, har vi berre att 1,7 % i følgje Sverdrup Thygesen.

Så har eg lagt merke til korleis dei har rasert naturen for å byggje nokre få kilometer veg mellom Krs og Mandal.

Det ser ikkje bra ut. I Øyslebø, rett ovanfor Ihme i Mandal, er der ein enorm trafikkmaskin, der alt omkring ser ut som det er bomba. Kan det vere naudsynt? Men eg er blant dei som vil ha god veg, så her er det to interesser som, for meg, kolliderer veldig.

Det blir ikkje betre når ein tenkjer på Sodeviga i Lindesnes. Tenk å sprenge flatt eit område i skjergarden for å leggje til rette for landbasert verksemd for vindmøller til havs!

Kvar er logikken i å øydeleggje natur for å redde klimaet?

Og nå er eg snart ved mitt poeng. Klimaet kan vi ikkje gjere så mykje med. Det er sola som styrer det. Men vi kan ennå gjere mykje for å ta vare på naturen vår, frå hav til hei. Greier vi det, så vil vi klare oss bra på jorda.

Til slutt vil eg seie at eg les innlegga til Peder Johan Pedersen med interesse. Det var ikkje alltid slik. Men i ettermiddag vart eg heilt fælen då eg høyrde på Sørlanssendinga. Peder Johan vart intervjua og ville utrope Bård Tufte Johansen til Noregs Gretha Thunberg. Nei, nei og atter nei! Ho oppfører seg så usympatisk, at eg for min del tek heilt avstand frå det ho fer med.