NS var eit parti, så lite med så rare meiningar, at partiet var lite å bry seg om. Dei fleste medlemmene i NS budde i byane og tettstader. Ofte høyrer ein om kor mange medlemmer det var i kommunane Finsland og Valle. Det høge talet på NS-folk i dei to bygdene, er uvanleg. Og korfor dei skil seg slik ut kjem tydeleg fram når ein ser på yrka til NS-medlemmene. Over 30 % av dei var anten arbeidar eller funksjonærar. Vel 15 % var bønder og fiskarar, ca sju prosent var forretningsfolk, og to prosent var i frie yrker. Ser ein berre på dei som dreiv med fiske og fangst, var det ei gruppe som var uvanleg lita, 0.9 prosent i NS.

To ting skilde NS-medlemmene frå andre parti. Kvart tredje medlem var kvinne og mange av mennene var unge. Det tyder på at heile familiar melder seg inn i partiet, noko som var uvanleg i dei andre partia. Dei fleste NS- medlemmen budde på Austlandet og i Trøndelag.

NS var eit parti heilt i ytterkanten av den politiske skalaen. Utan stønad frå okkupantane hadde partiet vore ei fotnote i norsk politikk. (Kjelde: Andre Verdskrig i Nord. Overfall og okkupasjon) Eg samanlikna i Rogaland kvar NS fekk røystene i valet i 1936 med røystene til Rød Valgallianse i 1979. NS hylla Hitler i 1936. Rød Valgallianse hadde Mao og Stalin som førebilete på korleis eit samfunn skulle styrast. Det er utruleg, men i dei kommunane der NS fekk røyster i 1936, fekk Rød Valgallianse det i 1979. Og stemmene fekk dei berre i byane og tettstader som Time og Sauda.

Folket på bygdene på Vestlandet har aldri hatt sansen for diktatorar. I Sogn og Fjordane fylke var det færre NS-medlemmer enn det var i Kristiansand. NS la skulda for dette på lærarane som var sta Venstreveljerar. Dei motarbeidde den nye tida. Dei fleste har bruk for å høyre til i ei gruppe. Og NS-folk på bygdene på Vestlandet, var utan stønad frå likesinna. Og der det er mange nok menneske, der er sjansane størst for å finne nokon likesinna. Derfor vil ein i byar finne rom for alle tankar og politiske retningar. Noko som i bygdene, ville vore stempla som tullete. Ein bygdetulling. I Agder var det NS-medlemmer i alle kommunar. Derfor var det stor skilnad på Rogaland og Agder. Men også i Agder budde dei fleste NS-medlemmene i byane.