Ei av kyrkjene som blei sett fyr på i Jaranwala i Pakistan i august. Foto: Sobia Shah / Human Friends Organization

Kvar gong ei norsk kyrkje brenn, er det stor sorg i lokalmiljøet. Mange lokalsamfunn veit nok om smerta over flammane som legg kyrkjer i oske.

Brannen inne i Voie kirke i januar førte til skadar for millionar av kroner og skapte uro, ikkje minst fordi den truleg var starta med vilje. Andre stader i landet har påsette brannar lagt kyrkjer i oske.

Den kyrkjelege arbeidsgjevar- og interesseorganisasjonen KA skriv at dei som sidan 2000 har tent på kyrkjer, gjerne har hatt ein «fragmentert ideologi eller en manglende ideologi» og at ideologien ofte ikkje er det mest sentrale. Felles for dei er at dei er unge og slit med å tilpassa seg. Teknisk brannsikring og førebyggjande arbeid saman med politiet opp mot ungdomsmiljø er viktig for norske kyrkjelydar.

Men kva gjer det med oss når vi får dramatiske meldingar frå andre land om at titals eller hundretals kyrkjer er brende ned – gjort i religiøst raseri? Slike meldingar får eg altfor ofte gjennom arbeidet mitt i misjonsorganisasjonen Stefanusalliansen. Dei sterke kreftene som hissar folk til vald, har ein djupt rotfesta og hatefull ideologi. Det avgjerande i slike land er å få religiøse og politiske leiarar på bana for å redusera den krafta ekstremistane har til å mobilisera folkemengder. I august i år vart 25 kyrkjer brende ned i kristne nabolag i Jaranwala nær byen Faisalabad i Pakistan. Over 90 heimar vart brende og vandaliserte. Heile lokalsamfunn var under angrep av ei folkemengd som handla i raseri. To kristne brør var blitt urettmessig skulda for blasfemi, det vart påstått at dei hadde skadd ein koran. Dei næraste muslimske naboane gav den hjelpa til dei kristne som dei kunne.

No prøver dei kristne i Jaranwala å byggja opp liva sine på nytt etter tragedien. Gjennom den pakistanske partnarorganisasjonen vår har vi hjelpt dei med nødhjelp. Staten hjelper heldigvis til med å reparera kyrkjer og heimar.

Men traumet og frykta er ikkje over sjølv om ei brannherja kyrkje og ein knust heim kjem under tak igjen. Synet av flammane og dei ramponerte og utbrende heimane vil følgja dette folk lenge. Det er smerte og frykt nok for generasjonar.

I delstaten Manipur nordaust i India er minst 357 kyrkjer sette fyr på eller øydelagde på anna vis sidan 3. mai i år. Tusenvis av heimar er øydelagde. Titusenvis av menneske er jaga på flukt.

Den største delen av valden i ein konflikt mellom folkegrupper har ramma det kristne stammefolket kuki. Konflikten om rettar til land og ressursar har vart lenge. Gradvis har landområda som kuki-folket har grunnlovsfesta rett på som fattig stammefolk, komme under auka press både frå hindunasjonalistiske grupper blant fleirtalet, og frå lokale styresmakter som har teke den dominerande folkegruppa (meiteiane) si side. Og for første gong er religiøst hat blitt brukt som eksplosiv «tennveske» i konflikten. Kuki-folket, og ikkje minst kvinner, er blitt utsette for vald både fordi dei høyrer til stammefolket og på grunn av den kristne trua deira.

Kristne i India og Pakistan oppsøkjer brente kyrkjer for å be, dersom dei kan. Dei som er fordrivne frå heimane og lever i frykt i mellombelse leirar, møtest dagleg til bøn. Traumatiserte kristne tryglar oss om å bry oss om dei, hugsa dei, be for dei.

Mange norske kyrkjer markerer på desse tider «Søndag for dei forfølgde». Opprørande og utmattande inntrykk av brende biblar, brende kyrkjer og brende heimar er svært gode grunnar for å tenna engasjement i norske kyrkjelydar – uansett om dei sjølve har kjent på frykta for kyrkjebrann i eige lokalmiljø eller ikkje.

Det viktigaste vi kan gje kristne under press, er å fortelja historiene deira. Det verste som kan skje, er at dei blir gløymde.

Innlegget er forkortet. Red.