Kjære Unni.

Eg er ikkje bonde nettopp i dag, men med odel og buplikt tilhøyrar også eg snart eit lokallag

Eg flytter til Byremo med mann og barn, me skal plante grønsaker og sette ut garn

Garden på Håland er lafta og kald, me tenkjer nok det trengs eit nytt skall

For investerast må det, båe i tid og pengar, og vi kan saktens få bruk for både traktor og hengar

Men litt dystert har det blitt, blikket på framtida der, med draumar på sikt

Den store kommunen verdset visst ikkje bygda - for dei kan me heller bu i byen og vere trygda

Det kviskrast om nedlegging av plasser for gammal og ung – sei meg; er byrda med bygda SÅ tung?

«Ein utkantpost» har vorte flittig brukt, om bygda vår med dei unge på flukt

For kva er igjen til vår generasjon, når framtida skal planleggast av Lyngdals administrasjon?

At kulturlandskapet gror igjen seier de er eit onde

– men for å hindre det trengs det faktisk ein bonde

For me er fleire som er redde, etter at denne samanslåinga skjedde.

Me fryktar vindmøller på rekke og rad - for dei som seier «ja» sit jo ein heilt anna stad.

Kva med barna og dei som ikkje enda kan snakka for seg, får dei buplikt dei også, sjølv om det blir milevis med skuleveg?

Sei meg - er dei planlagde investeringane våre berre bortkasta pengar, sidan Lyngdal ikkje bygda trenger?

Er det ein dårleg idé å seia frå seg både jobb og moderne hus i byen, når bygda vår ikkje lenger er på menyen?

Ja, me er fleire som er redde for at dette faktisk er slutten på visa

– men me håper at du Unni, kan få oss ut av denne krisa.