Der var ein ung klimaaksjonist, frå ein eller annan organisasjon, som kom med nokre sære synspunkt. Han ville bruke vald i kampen for klimaet, og når han vart konfrontert med den uttalelsen, forsvara han det med at det var meir vald mot menneskja å ikkje stoppe utsleppa!

I Noreg kan ein altså stå framfor eit tv-kamera og hevde slike ekstreme synspunkt.

Det gode med Debatten denne kvelden, var at Frederic Hauge, leiar av miljøstiftinga Bellona, tok fullstendig avstand frå desse ekstreme ytringane. Og det gjorde han verkeleg; med kropsspråk, og alle sine talegåver. Det var ingen tvil om at han meinte det, og at han var svært bekymra.

Debatten tok utgangspunkt i sivil ulydnad. Hauge og Hætta Isaksen meinte at ein må akseptere det. Men handlingar som å grise til statuar i Vigelandsparken, er hærverk, og det tok dei to også avstand frå, utan atterhald.

Eg undrast. Var denne debatten med og fremja klimasaka på ein god måte? Neppe.

Det samme opplevde vi med Gretha Thunberg som kom som ein komet inn i klimadebatten berre 15 år gammal.

Men kva gjorde ho? Ho skjelte ut deltakarar i verdsomspennande fora, og verka sur og tverr. Det førte heller ikkje fram. Nå er ho, så å seie, ute av mediebiletet.

Nei, med slike midlar og måtar får ein ikkje folk med seg på ein dugnad for å redde klimaet på jorda.

Men ein må ta hatten av for ytringsfridom og demokrati i Noreg. At ein ungdom, eller kven som helst, kan få lov å stå fram i beste sendetid på Noregs framste tv-kanal med slike utfall som dei den miljøaktivisten kom med? Det må vere lov å spørje.

Slike «forkjemparar» tener ikkje saka.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.