Men forsøket vart med forsøket, og er nå stort sett borte. Nei, då er det annleis med dei gamle heidenske tradisjonane me har. Feit mat var det beste dei gamle nordmennene kunne få. Det vanleg kosthaldet var stort sett laga av korn. Og for å ha skikkeleg fest, måtte dei ha feit mat.

I sør har julegrisen alltid vore julemat . Me møter i dag julegrisen som kjøt, ribbe syltelabbar og sylte. Men i tillegg kjem grisen i alle fasongar laga av marsipan og sjokolade. I nord var det kveite, det feitaste fiskeslaget, som var festmaten i jula. Og juleølet var felles for heile landet. Eg har stor moro ved å sjå på julekort med nissar. Nisse med nikkars, kniv i belte, tresko og topplue er ein ekte norsk heidning. Han bur på låven.

Folk må stelle fint med den nissen, elles tek han hevn ved å gjere ugang i fjøset. Vår nisse bryr seg ikkje om kva du har gjort eller sagt i året som har vore. Han vil ha grauten sin og så få ete i fred. Ein vassekte egoist er han. Den kristne, snille nissen, har langt kvitt skjegg, raud fotsid kappe, lang slapp raud lue og køyrer med reinsdyr. Og så spør han om der er snille barn eller folk i huset. Og han gir alle gåver. Den kristne nissen er stor og snill. Han er hen, altså utan kjønn, og det likar me. Vår hedenske hissigpropp med nikkers nisse, er ein mann Det seies at han har både kone og barn. Julesongar, melodiar strøymer mot oss alle stader. Og songartistane oppdaga for ein del år sia at folk likte konsertar med julesongar/salmer. Og kyrkjene stod tomme. Konsertane fylte kyrkjene med glade folk og herleg lyd. Og ingen spør om artistane trur på Gud eller Juleevangeliet. Dei som opptrer tener pengar, og folk kjem i fredfylt julestemning. Jula feirar me saman, både hedningar og kristne. Dei to svært ulike julenissane ser ut til å trivast samen. Og jula skal først og fremst få fram det beste i oss. Jul kjem nordmenn til å feire så lenge norsk talemål finst.