Det ser vi når eit regime vil ha kontroll, eller tilranar seg makt over eit land, eit folk. Det gjeld om å ta kontroll over det som vert sagt og formidla. Ord har og ei skapande kraft, både på godt og vondt. Nyttige døme på det siste er hendingane i USA med mantraen «valet er stole», og Putins «spesialoperasjon» i Ukraina.

Men la oss vende oss til meir heimlege diskusjonsspørsmål. Abortsaka er på dagsorden att, med harde ord og frontar. Eitt av slagorda er «Min kropp». Kvinna må få gjere med sin kropp som ho ynskjer, vert det sagt. Men spørsmålet er om eit foster er ein del av kvinna sin kropp.

Biologisk er fosteret ein eigen og heilt annan kropp som skal utvikle seg, og etter kvart leve sitt eige liv. Vidare trengst det to menneske av ulikt biologisk kjønn for å setje livsprosessen i gang. Og då er heile tre subjekt involverte når vi talar om graviditet. Å tale om «Min kropp» er å tileigne seg definisjonsmakta over eit saksforhold med langt fleire sider og etiske problemstillingar enn å gjere abort til eit snevert personleg spørsmål og val.

Eit anna spørsmål som har fanga mi interesse, er seiemåten Vi får tildelt kjønn ved fødselen. Eg kan ikkje minnast at mi jordmor-kone sa at ho hadde tildelt nokon kva kjønn barnet skulle få, då ho kom heim frå arbeidet på fødeavdelinga. Ho kunne seie at i dag, eller i natt har eg teke imot ein gut, ei jente, eit tvillingpar med likt eller ulikt kjønn.

Eg har stor respekt for dei som opplever seg å vere fødde i feil kropp, med det må skiljast frå biologiske fakta. Frå medisinsk hald vert det sagt at mannskroppen og kvinnekroppen er ulike, ned til minste cellestruktur. Kjønnskorrigerande operasjonar kan nok ikkje endre på dei biologiske føresetnader. Saka er at vi får tildelt kjønn ved konsepsjonen når eggcelle og sædcelle smeltar saman. Dette er nok kunnskap som alle har, men som blir tona ned for å skape rom for ulike kjønnsuttrykk, og «normalisere» ulike samlivsformer. Den biologiske utrustninga ber vi likevel med oss livet gjennom. Difor blir det grunnleggjande feil å tale om tildeling av kjønn ved fødselen, som altså skal kunne endrast ved eit tastetrykk. Igjen er det spørsmål om orda våre, og det å tileigne seg definisjonsmakt.

Vidare kan ein høyre og lese om t.d. eit lesbisk par: Dei ventar sitt første barn, eller dei har fått sitt første barn. Her må det ha hendt ein biologisk sensasjon om vi skal ta ordlyden på alvor. Eit barn har både mor og far, det er elementært. Men den nemnde ordbruken tildekkjer også her eit saksforhold med kompliserte sider. Juridisk har ein ført inn omgrepet ‘medmor’ som reelt kan jamførast med omgrepet «stemor». Eit heterofilt ekteskap vil alltid vere noko anna enn eit lesbisk ekteskap. Biologien kjem i vegen.

No er ikkje dette som er nemnt ovanfor, berre avgrensa til diskusjonsplanet. Ord har makt, det fekk den britiske forfattaren og filosofen Kathleen Stock erfare. Ho var professor ved Sussex University, men vart pressa frå stillinga si fordi ho hevda at kjønn og biologi heng saman. Dette hende i 2021, og vi kjenner liknande døme frå andre universitet. Å tileigne seg definisjonsmakt er viktig for ulike aksjonsgrupper. Her gjeld det å vere på vakt. Mange vil gjerne sigle under liberalitets-merket. Men dei liberale prinsipp har sine grenser for ikkje å ende i det illiberale og autoritære, slik vi har mange døme på, også ved vårt heimlege universitet.

SI DIN MENING! Vi vil gjerne at du skal bidra med din mening, både på nett og i papir. Send ditt innlegg til debatt@fvn.no

Hva er et godt innlegg? Her er noen tips.