Kulturredaktøren vel i sin kommentar å ikkje svare på spørsmålet. Eg vel å stille spørsmålet noko annleis. Når vert kritikk av Israel antisemittisme?

I den norske debatten er det eit godt døme på dette. Utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gard Støre. Båe to var sentrale i regjeringa til Jens Stoltenberg da Noreg og NATO bomba Libya. Kvifor vert deira kritikk av Israel antisemittisme når dei talar om Israels brot på folkeretten og seiar at Israel sitt svar på terror må være forholdsmessig.

Me minnast alle attende til 2011, Noreg og NATO si bombing av Libya. Regjeringa Stoltenberg og det norske Stortinget gjøymde seg bak FN sitt vedtak om å iverksette ei flyforbodssone over Benghazi, dette for å verne sivilbefolkninga for angrep frå Gaddafi sine styrker. I staden for å oppfylle FN sitt vedtak om flyforbodssone nytta Noreg og NATO seg av FN sitt vedtak til å bomba Libya. Noreg og NATO øydela på denne måten Libya og bidrog på denne måten til eit regimeskifte i Libya. Opprørarane vant fram. Dette vart avslutta med at Gaddafi vart lynsja og avretta utan lov og dom. Intensjonen med FN sitt vedtak var å sikre dei sivile, gjennom ei flyforbodssone, og ikkje eit regimeskifte eller bombing av Libya.

I Sikkerhetsrådet sin resolusjon var aldri målet regimeskifte i Libya, men flyforbodssone for å ivaretake Libya sin innbyggjarar. Noreg og NATO tok seg til rette og Noreg vart «best i klassa» ved å sleppe flest bomber over Libya, 588 i talet.

Kvifor vert statsminister Jonas Gard Støre og utanriksminister Espen Barth Eide sine uttaler om at Israel bryt folkeretten, og om at Israel sitt svar på terror må være forholdsmessige, antisemittiske? Etter mitt skjøn, fordi dei har ein standard for seg sjølve, deira handlingar og gjerningar, og ein annan standard når det gjeld Israel sine handlingar. Det var heller ikkje snev av sjølvkritikk i handsaminga av Libyautvalet sin rapport i Stortinget. (2019).

Korleis er det i dag med Libya sine innbyggjarar? Verken Noreg eller NATO har noko plan for å bøte på skaden me var årsak til.