Renate Blindheim fortel at ho stort sett berre har fått positiv merksemd etter at ho vart historisk som Sotra-trenar. – Det var ein som sende meg ei melding midt på natta og lurte på om eg var redd for å få sparken, noko som var greitt nok.

– Eg får alltid spørsmål om eg kan triksa litt for kamera. Eg trur det er ei jentegreie.

Renate Blindheim er tydeleg på éin ting: Ho vil ikkje vera eit feministisk symbol, berre fotballtrenar.