[](http://lokalsporten-media.s3-eu-west-1.amazonaws.com/wp-content/uploads/2013/12/stafettlag_friidrett.jpg)

Otra har hatt framgang både i topp og breidde denne sesongen. På dei to stevna vi har arrangert på Hornnes har vi hatt 55 og 85 lokale deltakarar. Til saman har det vore over 600 startar på desse to arrangementa. På treningane er det fullt både om sommaren på friidrettsbanen og i Otrahallen om vinteren.

Under krinsmeisterskapen i Grimstad blei Otra for 2.året nest beste klubb i fylket både i deltakarar og medaljer. Under Tyrvingleikane som er nærast å rekne som Noregsmeisterskap i yngre aldersklassar tok vi fleire medaljer. Emelia Tveitå tok jamvel gullet i lengde foran 70 andre deltakarar og har i år ein bestenotering på 4,36m som 11-åring. På 60m hekk fikk ho bronse. To sølvmedaljer blei det på Unni Tveitå i kule og 60m hekk.

Lise Hornnes og Anna Kile Petersen blei tekne ut til å representere Agder i ei rekke øvingar under dei landsomfattande PEAB-leikane på Osterøy og tok 4. og 5.plassar i fleire øvingar. Lise er spesialist i hoppøvingane og Anna særs god i kastøvingane.

Otra sine utøvarar avslutta sesongen på best moglege vis under Søgneleikane i helga. Laget vårt gikk til topps på 4x100m i klasse 10-12 år for jenter med tida 62,56.Til og med Sørild som er Sørlandets beste klubb for barn og ungdom måtte se seg slått. Jenny Daasvatn storma i mål til relativt overlegen seier. Dei andre på vinnarlaget var Amalie Lien Beurling, Unni Tveitå og Emelia Tveitå. Enda meir imponerande blir det når ingen av jentene enda er 12 år og ein kunne stille med utøvarar opp til 12 år. Dette er eit lag for framtida!

Jenny Daasvatn fikk også bestemannspremie i løp for heile stevnet med 9,46sek på 60m i 10-års klassen. Det var framifrå under regnveir og motvind.