BYKLE: Støyledalslåmi gjekk første gong i 1994 som ei vidareføring av Stavenes låmi. I år var vi tilbake etter koronaavlysing i fjor.

Deltakinga var dessverre ein del lågare enn tidlegare i både konkurranseklasser og familie klasse. Med 24 løpare (45) i konkurranseklasser og 34 (60) i familieklasse (antal frå 2020 i parentes.)

Dei som var med fekk flotte løyper og stabilt føre med eit par minusgrader.

Det vart ein svært tett konkurranse mellom fire deltakerar frå Hovden Skigymnas. Etter 22 km vart det spurtoppgjer som i ein sprintfinale med alle fire innafor to sekunders margin.

Vinnar var Niklas Egeberg Pålsson frå Hovden Sportsklubb på tida 1.06.16.

Premieutdelingen, fra venstre: Niklas E Pålsson 1.plass, Bård Olav S. Medhus 2.plass, Mathias Holbæk 3.plass og Storm H Pedersen 4.plass. Foto: Lars Erik Domaas

I jenteklasse var det ein deltaker i 17-20 år og ei i mosjonsklasse.

Også i år hadde det lokale næringslivet vore svært rause med gåvepremier slik at mange av dei 59 deltakerane vart trekt ut med premie.

Matkomiteen i Bykle IL hadde som vanleg servering og god suppe å by på etter rennet.

Resultater ser du her

Foto: Erling Sagneskar