FØRDE: – Eg satsar på sandvolleyball og reiser til vanleg rundt om i heile verda for å konkurrere. Men no har vi offseason og fri frå sandvolleyballtrening, forklarer Emilie Olimstad.

Olimstad (snart 22) er ein av dei beste spelarane i Norge. Ho har spelt for fleire profesjonelle innandørsklubbar i utlandet, og på kort tid har ho saman med makker Sunniva Helland-Hansen klatra frå ranking 180 til 40 i verda i sandvolleyball. Målet er å få delta i OL.

Men så lenge sandvolleyballen har pause, er ho klar for eit mellomspel for Førde Volleyballklubb.

– Eg synest det er veldig kjekt å spele innandørs også. Så då klubben tok kontakt, gjekk det ikkje lang tid før eg var på veg til Oslo for å spele kvarten mot Oslo Volley sist helg. Førde har ein god treningskultur, mange kjende og trivelege folk og eit supert lag med flinke volleyballspelarar, seier Olimstad.

– Ein topp spelar å få inn

Sørlendingen spelte sin første kamp allereie mot Oslo Volley, og sist laurdag spelte ho for fyrste gong på den nye heimebana i Førdehuset. Med erfaring frå tyske proffklubbar som Ladies in Black Aachen og Allianz MTV Stuttgart, har ho mykje å bidra med også på Førde sitt elitelag.

– Ho er ein topp spelar og type å få inn i gruppa vår. Det gjer at vi har ein breiare stall med godt nivå, som løftar nivået på trening og i kamp, seier trenar Jan Egil Tvinde.

– Kva betyr det for dei sportslege ambisjonane denne sesongen?

– Vi ønskjer å prestere godt, og så får resultata bli eit resultat av prestasjonane våre, seier Tvinde.

Har lyst til å spele cupfinale

Sist spelarar frå sandvolleyballsirkuset signerte for Førde, var i 2019. Den gongen valde Anders Mol og Mathias Berntsen å spele delar av sesongen i Sunnfjord. Det resulterte mellom anna i cupfinale og NM-gull til klubben. Emilie Olimstad har ingenting imot å kopiere det, men ho tar ein kamp om gongen.

Foto: Jens Körner

– Ambisjonane mine med Førde er å spele god volleyball mot Koll no til helga. I tillegg hadde det vore veldig moro å klare å kvalifisere seg til ein cupfinale, seier Olimstad.

Og så langt trivst ho godt i blått.

– Klubben har tatt meg godt imot. Eg får trene på Puls og har allereie hatt mange gode volleyballøkter. Det kjennest rett å gå i Førde-drakta. Kanskje det ligg i familien, smiler kantspelaren.

På plass i same klubb som broren

Med Emilie Olimstad på plass, kan Førde Volleyballklubb skilte med eit blad Olimstad både på dame- og herrelaget. Ho synest det er kjekt å få sjå meir til broren Martin, som er både spelar på herrelaget og trenar for damelaget.

– Det er ikkje så ofte vi ser kvarandre, då eg er veldig mykje på reise. Så det å få vere her er ein kjempebonus for meg. Martin er veldig flink som trenar, og det har eg alltid visst. Han kjem med gode innspel som eg lærer mykje av og tar med meg vidare, seier Emilie Olimstad.

Foto: Jens Körner

Ho legg til:

– Vi får håpe at herrelaget slår godt frå seg i semifinalen mot NTNUI, slik at Førde kan stå med to lag i cupfinalen.

Denne saken ble først publisert her