GJESTEINNLEGG: Tittelen er eit spørsmål eg har fått nokre gongar no. Eg skulle ønske eg kunne gi eit klart og tydeleg svar, á la: Gjer dette, så kan du òg klare å springe bortimot 255 kilometer på eit døgn. Men slik er det ikkje. Eg kan derimot seie noko om kva eg gjer, og ikkje gjer. Så kan du finne ut sjølv, om noko høyrast lurt ut.

Ha balanse i livet. Å springe er slett ikkje alt.

Ta gode val. Kom deg ut og spring, sjølv på dagar som er drit. Eller, kanskje spesielt på akkurat dei dagane.

Gjer det for deg sjølv. Du blir ikkje rik og berømt, og ikkje får du anerkjennelsen du tenkjer du fortener. (Eller kanskje det berre er meg som er kravstor?) Så gjer det for deg, for å bli ei betre utgåve av deg sjølv. Ikkje berre som idrettsutøvar – men òg som menneske.

Lytt til kroppen. Men ikkje lytt for godt, for det er ikkje farleg å ha treningsvondt eller å vere sliten.

Gjer det enkelt. Jogg til jobben. Et vanleg. Ta ein langtur i ny og ne, og intervall innimellom. Ikkje tenkt på puls eller o2 eller soner. Pustar du, har du puls.

Finn gjerne nokon å samanlikne deg med, men ver realistisk. Nokon som er bitte litt betre enn deg, men som du kan ta. Tenk: Klarer ho det, klarer eg det òg.

Spring som ei jente. Og med det tenkjer eg at du bør starte smart. Det er ikkje meininga at det skal kjennest ut som om du får hjarteinfarkt under eit løp. Eg tenkjer òg på at du kan la dei spisse olbogane få kvile, og konsentrere deg om ditt eige løp, di eiga trening.

Smil. Om du orkar. Om du ikkje orkar, drit i å smile. Men folk rundt smiler ofte tilbake, og det er fint.

Ver stolt av din eigen framgang. Du har gjort jobben.

Eig ditt eige liv. Du kan prioritere å vaske kle, sjå på Netflix, lage middag frå botnen av. Eller du kan ta ei treningsøkt. (Ja, eg veit. Eg burde skifta sengkle og støvsoge for fleire veker sidan.)