Det er ingen grunn til å droppe måndagstrimmen eller anna aktivitet sjølv om du er gravid. Forskning viser at jenter som held seg aktive opplever enklere svangerskap, har betre sjølvkjensle og mindre kompliserte fødsler.

Er du vant til å vere i aktivitet er det altså ingen grunn til å slutte med det når du blir gravid. Om du ikkje har kome i gong med trimminga, er det «perfect timing» å starte opp når du er blitt gravid. Så lenge du tek visse forholdsregler er det veldig positivt både for mor og born, at du trener og held deg aktiv-så sant du ikkje lid av sjukdom som tilseier noko anna.

Ann Kristin Stensland har trent hardt og jevnt gjennom heile svangerskapet – heilt fram til nokre dagar før fødsel. Mange på måndags-trimmen meinte babyen kom til å koma utferdig trimma. Kvifor slang ho seg ikkje berre på sofaen, slik ein nok lett kan gjere?

-Eg liker å være i aktivitet, og trives best med meg sjølv om eg får opp pulsen eller tynt frem litt melkesyre i musklene ei gong eller to i veka. Slik som eg ser det er det ingen vits i å slutte med det sjølv om ein er gravid. Det å ligge på sofaen er 10 gonger betre etter ei god trenings-økt.

Når det gjelder øvelser meiner ho at det er lett å tilpasse seg den nye situasjonen. -Det er klart, nokon øvelsar egner seg dårlig med kul på magen, men det finnes mange gode alternative øvelsar. Eg er ellers overbevist om at treninga gav meg eit lettare svangerskap og ein fin fødsel.

Og kva med tida etter fødsel?

-Ja, det samme gjeld tida etter fødselen. Trening er ikkje det fyrste ein tenkjer på dagene etter fødselen, men- etter to veker kjentes det rett ut for meg. Tilpass treningen etter kva kroppen seier ja til. Ingenting er umulig. Baby er ingen hindring, det krever bare litt meir mer planlegging- og kanskje ein barnevakt av og til.

Eirin har termin i august – og gir jernet på trim, sjølv om magen har vakse litt. Ho meiner trening er ein fin måte å fortsatt kunne kjenne seg litt som» seg sjølv», sjølv om kroppen er i veldig forandring. I byrjinga var ho heller ikkje klar over at det var så mange fordelar med å halde seg aktiv under graviditeten, men etter at ho fekk meir kunnskap om dette er det berre endå meir motiverande å stå på – så lenge kroppen seier ja. Ho meiner det gir ho ekstra energi, og oppfordrar andre til å gjere det same.

Les meir om temaet her