MINNEORD: Det var i 1972, eit år då eg mykje av tida var på reise i Sør-Amerika. I Santos trefte eg tilfeldig ein ung mann som synte seg å vere Pelés fysioterapeut. Då han høyrde eg var journalist, lova han å få til eit møte med Pelé.

Då vi to stod der på grasmatta i Santos etter ei treningsøkt for det vidgjetne laget, verdas største fotballspelar og eg, eg som støtt var sistemann når klassen min på Frivoll skole (Fjære i Grimstad) skulle ha fotballag, skulle mange gjerne vore i skoa mine.

Pelé og eg hadde ikkje hadde eit felles språk. Han kunne lite engelsk den gong, eg lite portugisisk. Kom att i morgon med tolk, sa Pelé.

Eg oppsøkte sjømannskyrkja. Alt som var av norsk-brasilianarar melde seg. Eit møte med Pelé! Einaste gong i livet var eg populær. Det enda med at eg tok med Ruth Leite, husmor på kyrkja. Det var eit heldig val. Eg trur Pelé blei ein grann fascinert av den nordiske sjarmen hennar.

Vi sat på det vesle kontoret hans. Den kraftige livvakta i døra gav oss 20 minutt. Då tida var ute, stakk han hovudet inn. Han var brysk. Pelé vifta han ut. Dette gjentok seg. Alt i alt fekk vi god tid til ein prat om fotball, men ikkje minst om livet og karrieren.

Det som står att for meg 51 år seinare, er kor audmjuk og stillferdig han var. Han var då heller ikkje ein mann med skandalar og lauslivnad av den typen andre store spelarar er kjende for. Han gløymde aldri den usle fattigdomen han kom frå og den klassereisa han hadde gjort. Han gav attende med deltaking i og bidrag til sosialt arbeid.

Pelé var ein levande legende, mannen ei heil fotballverd i dag hyllar. Han må ha møtte tusenvis av bladfolk, men han var heilt og fullt til stades for tolken og meg. For han var fotballtalentet ein nådegave han takka Gud for, sa han mellom anna gjennom den kyrkje-tilsette tolken.

Eg ser på bileta av Pelé og meg (fysioterapeuten tok dei) og kjem i tanke om at det var eit menneske med stor varme eg møtte. Eg såg han seinare på banen. Då skyna eg kva han meinte med nådegave. Han var eit geni med ballen. Det var likevel ikkje det som i augo til sistemann på Frivoll-laget gjorde han til eit stort menneske. Han var seg sjølv, gudommeleg på banen, men og ein favelaens son som hugsa kvar han kom frå. Kvil i fred.