[Heisbook] For dei som stort sett legg ut berre heisbilder frå skyskraparar i verdensmetropolar og der panoramabiletet (knipsa gjennom dei store utvendige glasveggane) i kameraet knapt nok er blitt til eit refleksbilete av sjølve heisa

[Beisbook] For dei som stort sett legg ut berre hyttebilder der det i bakgrunnen alltid er noen i førti år gamle snekkerbukser som står i trestigar og beiser.

[Meisbook] For dei som stort sett legg ut berre fuglebilder (utan å nemne eit ord om at dei er henta frå nettet) i den hensikt å framstå som eit friluftsmenneske medan han eller ho som fotograferer i virkeligheten aldri opphalder seg meir enn nødvendig der det ikkje er asfalt og knapt nok er i stand til å skilje svaler frå hønsehaukar der oppe på himmelen.

[Sveisbook] For dei som stort sett legg ut berre gamle fotografi av seg sjølve og samtidig gir uttrykk for at dei er flaue over hockeysveisen eller krølltanghåret dei hadde den gongen men i virkeligheten drøymer seg vilt tilbake til tida då dei hadde eit heilt anna hår enn dei tørre tjafsene som heng over skallen i dag.

[Peisbook] For dei som stort sett legg ut berre bilder av folk som har beisa hytta tidlegare på dagen men som no er komne seg innandørs og i tova tøfler (kjøpt på Røros ein gong på sekstitalet) sit lettare henslengt attmed peisen, les Sigurd Hoel og Aksel Sandemose i originalutgåva og røyker pipe med MacBarens-tobakk frå ei gammal pakke dei fann bak eine kjeksboksen spisskammerset.

[Skeisbook] For dei som stort sett legg ut bilder berre av alt som har gått gale gjennom livet med håp om mange “trist emoji” fordi dei forlengst har gitt opp tanken om noen gong i livet, på noen som helst oppdatering, å få meir enn ti likes. Ein gong fekk han eller ho heile sytten likes på eine og same oppdateringa. Men det var på eit sitat stole frå Per Fugelli.

[Spleisbook] For dei som stort sett legg ut berre skrytebilder frå ovale weekendar i Praha, Paris og København der dei som er på jente- eller guttetur (langtfrå edrue) nettopp har avslutta middagen og der det alltid er ein i reisefølget som insisterer på at rekninga må delast på alle, at det må vere nøyaktig på øret, og at han i biletet som insisterer allereie er godt igang med currency convertaren på mobiltelefonen sin.

Øystein Hauge (født 10. desember 1956 på Vegårshei) er norsk forfatter og poet. Hauge er ansatt som kulturleder i Kriminalomsorgen, bosatt i Fræna kommune i Møre og Romsdal. Gjennom over tjue år var han tilsatt i Justisdepartementet som rådgiver (velferd/kultur) for militærnekterne i Norge.