Ein biltur, sykkeltur eller gåtur oppover her i denne årstida er framifrå flott. Forresten så er det alltid flott oppover dalen. Eg var ein tur til Valle i går. Fargane, luktane, arkitekturen, fjella, blomane og fine Otra og fjorden, det gjer godt for sanseapparatet å ta imot desse inntrykka, uansett kva for årstid. Det nærmar seg ColorLine Setesdal-rittet, i morgo, laurdag. Dei suser som bier forbi oss her me bur. Borna, mannen min og eg har fleire år stått opp tidleg, tidleg for å heia på dei spreke optimistane på to hjul som startar opp frå byen nærast midt på natta. Må seie eg beundrar den viljestyrken og treningsgnisten dei må ha. Skulle ønskje eg hadde litt av den trongen.

Inger Lise Stulien Robstad (40) er trebarnsmor, musikar og barneskulelærar busett på Syrtveit i Evje og Hornnes kommune.

Musikkvideoen: “Eit haldepunkt” frå den nyaste plata som nyleg kom ut: “Berre deg”

Denne songen skreiv eg etter at eg blei teken med på båttur frå Grimstad til Arendal og låg over på store Torungen fyr. Denne inspirasjonen blei starten på det nyaste albumet. Fyret er viktig for sjøfararane, og er eit flott symbol på eit haldepunkt i livet, eit fast fundament. Eit haldepunkt er noko som alltid er, og som er viktig om ein er liten eller stor. Musikkvideoen er innspelt i Farsund med vakre Katland fyr som kulisse.

Plata “Berre deg”, som kom i april, er mitt fjerde soloalbum. Foto: Foto: Arild Danielsen.

Livet er mangfaldig. Det er kort veg frå låt til gråt. Eg byrjar dagen i dag med å undervise dei gilde elevane som eg er så heldig å vera læraren til. Eg er glad for at eg får jobbe med born og ungdom i utvikling. Eit privilegium vil eg seie, sjølv om det og har sine utfordringar. Og dei gjer dagen min meiningsfull og gir meg mykje inspirasjon. Men rett etter skuledagen er over i dag, skal eg syngje i ei gravferd for ein kjær kollega som døydde brått. Ein tom stol på lærarrommet i dag. Eg skal framføre songar for ei fullsett kyrkje, som ein siste farvel til eit levd liv og til ein ven, medan eg i singelen som eg gir ut i dag: «Nytt liv», prisar det nye livet, alt det som spirar og gror så trufast gong etter gong, år etter år.

Lite visste eg då eg skulle sleppe singel, at eg same dagen skulle oppleve døden så tett på. Me veit så lite om morgondagen. Musikken er eit godt verkemiddel til å uttrykkje både gleda og sorg og alt midt imellom. Eg avsluttar denne dagen med å syngje på jubileumsfest seint i kveld. Ja, livet er mangfaldig og kontrasfylt, det er sikkert.

Apropos nytt liv, det har me mykje av på garden her eg bur. Me har nettopp avrunda vårens vakraste eventyr som me likar å kalle det, nemleg fått mange nye firbeinte liv, 29 søte små lam er fødd og no sleppt på beite. Eg trur det er der uttrykket «hoppande glad» stammar ifrå. Den lukka og gleda dei synast å vise når dei ser grønt gras for fyrste gong, er kvart år ei gåve å få oppleve. Det er eit sikkert vårteikn når denne hendinga skjer, og våren symboliserer nytt liv og nytt håp trass dei mørke dagane me møter i livet. Håpet er som eit lysegrønt sommarbeite.

Grønt gras finnast ikkje berre i vollane utanfor vindauget her eg sit i skrivande stund. Det er ikkje berre sauen som blir glad for graset. Eg veit om mange fotballspelarar som blir særs kåte og glade når dei nærmar seg det grøne graset. Den 10. juni skal eg vere med på å syngje på eit stort areal med grønt gras, i byen, som me kallar det. Når me seier byen, så meiner me sjølvsagt Kristiansand. Grasplenen eg siktar til er fotballbanen på Sør Arena, og det blir stor feiring med konsert, kaker og kamp for Start. Dette gler eg meg til å bli med på. Håpar me sjåast! Dette er ei påminning om at me må feire meir, feire våren, feire Start og feire livet. Feire medan me kan feire!

I mellomtida, lytt gjerne på den nye singelen min som kjem ut i dag! Den er henta frå det nye albumet mitt som kom ut denne våren: «Berre deg». Tittelsporet på plata er ein duett eg gjer saman med han som er så «livredd» for facebook,