Ein lyd som ikkje har noka meining, men verkar roande når eg tenker han om att og om att så ledig eg kan. Kroppen blir roligare. Sinnet roar seg. Denne roa skaper ein arena der indre spenningar kan spela seg ut. Litt som når du har lagt deg for kvelden, slått av lyset, ligg under dyna og ventar på søvnen, så melder dine indre spenningar seg, som tankar om noko du må hugsa, noko du har glømt, noko du kvir deg til, noko dumt som skjedde tidligare på dagen eller for fleire år sidan osv.

Det verkar som om vårt indre heile tida prøver å bli fortrulig med det livet vi lever og nyttar sjansen til å arbeida med inntrykk kvar gong vi fell til ro. Meditasjonen hjelper betydelig til i dette arbeidet. Det kan vera mindre å tenka på når ein skal sova. Ein kan få større ro til å vera til stades der ein er.

Acem-meditasjon er ikkje knytt opp til nokon religion eller ideologi. Arbeidet i organisasjonen foregår som dugnadsinnsats. Dei seinare åra er det forska ein del på meditasjonens verknader, og det er funne målbare resultat. Du kjem til meditasjonen med ditt stille og personlige alvor. Det er ein stad kor du kan øva på å akseptera meir av deg sjølv. Læra deg å sjå dine eigne spenningar, sjå kor du kanskje kjem til kort, la det som er stille i deg få lov å spela seg ut.

Mange som har lært Acem-meditasjon mediterer berre kvar gong dei føler trong for å roa ned. For meg er meditasjonsprosessen så spennande og givande at eg har nytta meg av mange kurstilbud, og altså finn ein stille krok i huset kvar dag. Acem legg også vekt på vegleiing. Er du på kurs har du sjansen til å snakka om meditasjonserfaringane dine saman med andre, og få tips til måtar å gå vidare i prosessen på.

Mange som har lært Acem-meditasjon, men har slutta å praktisera, har antakelig møtt på større indre spenningar, som meditasjonen begynner å røra ved. Vårt indre fungerer jo slik, at det gjerne vil sleppa fram det vanskelige, få lufta det pinlige og flaue og gjera det mindre truande. Men samtidig vil vi ikkje. Nei, det skammelige og vanskelige vil vi også halda skjult.

Derfor kan meditasjonen bli meir problematisk ein periode, når ein nærmar seg slike område i sinnet. Vi veit ikkje kva det er vi nærmar oss i meditasjonen. Men vi kan få ein følelse av at det plutselig blir så kjedelig, eller vi føler oss rastlause, vi føler kanskje at vi ikkje får det til, vi er for dumme, eller vi tenker at dette berre er noko tull, at det er betre å gjera noko viktigare. Ja, når spenningane presenterer seg slik kan det vera freistande å gi opp.

Når ein lærer seg å ta imot desse tankane og følelsane også, å la dei få komma og gå som dei vil, mens vi sitt i stolen og tenker lyden så ledig vi kan, då er vi på god veg til å frigjera nye krefter i oss. Når dette vanskelige blir møtt og akseptert der vi sitt stille i vår stol, vil det også vera mindre truande i livet vårt elles. Eg sitt altså stille i ein stol og øver på å vera meg sjølv.

Eg hugsar mitt aller første sommarkurs for over 20 år sidan. Eg følte ei stor glede over at det fanst ein stad og ein mulegheit som dette. Og eg hugsar dei første åra, at kona av og til spurte om eg hadde hoppa over meditasjonen. Ho syntes nemlig eg verka så irritert.

Meditasjonen har hatt betyding for arbeidet mitt som forfattar. Eg merkar fort kva tankane mine er opptatt av, når eg mediterer. Rett som det er får eg idear til arbeidet. Like viktig er det, at følelsar som tidligare var for truande, no er blitt ein del av skriveprosessen: Redsla for å dumma meg ut. Følelsen av å ikkje vera viktig nok. Følelsen av å ikkje vera god nok.

Desse følelsane blir ikkje borte. Men eg treng heller ikkje å la dei styra arbeidsdagen. I periodar kor eg kjem i slike motbakkar, har eg lært å justera kravet til min eigen innsats. Vera litt vennligare og ledigare med meg sjølv. La følelsane av mindreverd få lov å halda på til dei roar seg igjen.

Å jobba som forfattar, er jo eit arbeid med tankar og følelsar. Ofte kan dette henga igjen etter arbeidsdagen, særlig om eg står fast i ei forteljing. Eg føler at meditasjonen hjelper til å dempa noko av denne spenninga, slik at eg ikkje er så opphengt i eigne tankar i familielivet etterpå. Det verkar like godt den andre vegen også. Viss det er vanskar i familielivet, som fyller tankane og fangar merksemda, hjelper det å meditera før skrivedagen begynner, så noko av spenningane slepper og det blir meir rom for det eg då skal arbeida med.

No gler eg meg til neste fordjupingskurs, der eg skal sitta stille i ein stol på eit einerom i time etter time, før eg går ut og møter dei andre som har sete på sine rom, og vi begynner å snakka om det som meldte seg i meditasjonen. Folk som prøver å vera ærlige om sitt eige. Eit rolig, levande og intenst samvere med andre.

Du kan lesa meir om Acem på nettsida acem.no.

Rune Belsvik (f. 14/4 1956) er ein norsk forfattar, dramatikar og barnebokforfattar, busatt i Kristiansand. Han debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han og fekk Norges mållags pris for i 1980. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Han blei og tildelt Brageprisen i 2000 og har blitt tildelt ein rekke øvrige prisar.