Vanlege søndagsgudstenester går eg ikkje i lenger. Ikkje i julegudsteneste heller. Det blir når noen skal gifte seg. Barnedåp. Gravferder. Slike ting.

Men eg kjenner det på meg kvar gong eg har vore der og skal forlate kyrkjerommet: Som om det lille du måtte ha hatt med deg av gudstru inn i det gamle huset på eit merkeleg vis ofte er heilt borte når gudstenesta er over. Som om det ikkje vert opna opp for undring eller kontemplasjon der. Som om den gode stilla du trudde du skulle møte der, ikkje var å finne.

Når det ikkje er i kyrkjerommet men i skogen, i fjellet eller etter å ha lese eit dikt av Tomas Tranströmer du forstår du har fått ei djupare erkjenning av heilskap og opplevd andeleg nærvær. Og at det skal vere i kyrkja (av alle stader) gudstrua di vert svekka har eg undra meg mykje over. Tenkt mykje på. At når folk melder seg ut av kyrkja, vil det for mange vere for å vende attende til det andelege. Eller som ein eg har gløymt namnet på sa ein gong: “Daglig forlater folk kirken og vender tilbake til Gud“.

Men om då ikkje diktet og skogen og stilla skulle vere nok. Finst det i det heile noe alternativ til denne kyrkja vår, som heilt fram til nyleg gjekk under namnet statskyrkja. Finst det nokon stad? Dette andelege fellesskapet med større takhøgde og med noen heilt andre dimensjoner enn det eg for min del så langt har sett innanfor det protestantiske? Eit trusfellesskap som er like opptatt av refleksjon som av det religiøse. Der du som eit søkande menneske ikkje treng forholde deg til dei stadige skiftingene innanfor den tidlegare statskyrkja, eller Den norske tilpassingskyrkja, som (når eg er gått tom for gode argument i ein livssynskrangel) ofte ender opp med å kalle ho.

Romerkirken har da iallfall form, den virker ikke irriterende på ens intelligens, som disse diverse protestantiske sekter“, skreiv Sigrid Undset i 1915. Og hundre år etter er utsegnet til nobelprisvinnaren i litteratur kanskje meir aktuelt enn nokon gong. Der kunsten og litteraturen i Den norske Kirke er så godt som totalt fråverande, er dette til fulle tilstades i kyrkja som katolikkane sjølve meir enn gjerne omtaler som moderkyrkja.

Kyrkjeleiarar i det protestantiske landet Noreg har vel kanskje aldri vore spesielt opptatt av kunsten og litteraturen i kyrkjerommet, men meir av å vere snille og greie. Slik er kyrkja etter mi meining endt opp med å bli ganske dvask og utvanna og ei lite kulturorientert kyrkje – ei kyrkje som er meir oppteken av å rette kappa etter vinden og tidene og som i stadig mindre grad opner opp for eksistensiell undring eller meditativ kontemplasjon.

For godt over tre tiår sidan banka eg på døra ute hos soknepresten i Bud i Romsdal for å melde meg inn i Kyrkja den norske. Vi hadde nettopp flytta dit. I dag, trettifire år seinare, kunne eg tatt den same turen ut til prestegården for å melde meg ut. Frå kyrkja som eg uansett aldri går til. I mellomtida har forresten det gamle huset gått digitalt. Men underteikner du dette vesle dokumentet som øvst har fylgjande ordlyd: “Eg vil med dette melde meg ut or Den norske kyrkja” finst det ingen rubrikk for noko grunngjeving der. Kvifor den som melder seg ut seier takk for seg.

Det er vel dette eg trener meg på med denne vesle epistelen. Skrive ei grunngjeving for kvifor eg ikkje lenger kan stå som medlem i ei kyrkje eg ikkje lenger opplever å høyre til i.

Øystein Hauge er forfatter og poet. Fram til 1982 var han medlem av Guds Menighet på Vegårshei – da han meldte seg inn i Den norske kirke.