I dagboka frå 12. mars 1953 skriv eg at det er litt skodde men elles mildt og godt ver. Sola kjem nok fram utpå dagen. Eg gjekk og leita etter lommeboka mi, då eg fann klokka til H. Ho gjekk like godt sjølv om ho hadde ligge under snøen i fleire månader. Eg fekk fem kroner i finnarløn.

Eg tenkjer på dette akkurat når eg ser ein svarttrast som ikkje har tenkt å dra sørover i år. Han stend og har frukost på eit eple under hallingapalen. Vi har kome drugt 63 år fram i tid. I dagboka skriv eg at 12. mars er lukkedagen min. Ikkje så rart: Seinare på dagen fann S. lommeboka mi i stova si. Då blei eg glad.

63 år seinare gler eg meg over at vi har hatt ein fin haust. At eg er ferdig med den langdruge behandlinga utan nemneverdige biverknader, at to rådyr kryssa Skjervedalsvegen i går, at det er høy nok til villsauane til langt ut i april, at augene til K. og meg tala med kvarandre under heile frukosten i dag, at dagmånen over Kvareheiåsen er på ein prikk lik dagmånen over Kvareheiåsen i 1953.

Og eg tenkjer: Så fint at dagbøkene mine framleis har så mykje glede i seg, trass i at dei har levd i over 63 år.