Året etter tok eg idrottsmerket for 50. gong. Fekk forgylla 50-årsmerke, diplom, blomar, kaffi og marsipankake av Friidrettskrinsen. Piggskoa, over 50 år gamle, stend i klesskåpet på loftet. Drøymer dei framleis om å sakse seg over 1,78?

Kristiansand Stadion, ettersommaren 1961. 17-årige Oddbjørn gjer eit ekstrahopp for Fædrelandsvennens fotograf etterat Daniel Rike (frå Valle og bror til Magne Rike som var Månadens poet fleire gonger på Dagbladets Diktkammer men døydde så alt for tidleg ved årsskiftet 2011/12) og eg hadde vunne kvar vår klasse i eit friidrettsstevne der med 1,70 (saks). Nokre gonger tenkjer eg kva ein kunne ha drive det til om ein hadde Fosburyfloppa. Foto: Privat

Ved siste Kommuneval mangla eg ved benken i stemmelokalet. Dei andre sa dei sakna meg. Ville valoppslutninga ha auka om eg hadde sitje der til dei bar meg ut? Om eit par veker begynner skytinga til hjorteviltprøva. Denne gongen utan meg. Etter 40 år skal Mauseren få stå i skyteskåpet i fred. Vil ho sakne fingeren min på avtrekkaren?

Mormor sa: Ein gong begynne ein gong begje. Mormor var ei klok kvinne.

Eg er lett til sinns, høyrer framleis bokfinken, skriv kjærleiksdikt til K., snur meg raskt rundt når ei nyutsprungen bjørk kitlar meg på ryggen med tonane sine. Eg har bestemt meg for at eg aldri skal begynne å øve meg på å slutte å drøyme.