Han har lange bein og kort overkropp; fingrane ser ut som dei er glade i pianotangentar. Eg seier eg kjenner eit barn som bur i hjartet mitt som aldri ynskjer å halde til nokon annan stad. Etterat han har gått angrar eg på at eg ikkje sa noko om alt eg ikkje treng.

Eg har eit hus, ein hage og ein skog. I lia vest for huset stend granskogen og lauvskogen. Dei har kjent kvarandre i hundre år, og ein kveld i juni møtast dei som to nyforelska ungdomar. Denne kvelden gjeng eg ut i hagen der dei to potetradene sine kvite blomar tar til å springe ut.

Sommarlufta er full av lovnadar. Der eg bur kan du alltid stole på lufta.