Hun fikk Åserals kulturpris

Annie Tollefsen har fått Åseral kommune sin kulturpris for 2019.

Publisert Publisert

Annie Tollefsen (t.h) og Åserals ordførar Inger Lise Lund Stulien. Foto: Kari Anne Thorsland

Brukergenerert innhold

  • Janne Thorsland Elvenes
    Åseral kommune

ÅSERAL: Prisen på 10 000 kroner ble overrakt av ordførar Inger Lise Lund Stulien i forbindelse med jubileumsmiddagen til Åseral Husflidlag lørdag 9. november. Her er begrunnelsen:

«I tett samarbeid med Ann-Olaug Håland (kurslærar i bunad) har Annie teke initiativ til å teikne av mønster til to gamle bunadlommer frå Åseral. Den eine er frå Nordgarden, den andre frå Breland. Fargevalet var eit kapittel for seg sidan det er vanskeleg å finne dei heilt same fargenyansane i dag. Her har det vore turar til Norsk Flid i Mandal, brodering, prøving og feiling. Dei har sytt for avtale med eigarane av dei gamle lommene slik at husflidslaget overtek «retten» til lommene. Det ligg mykje lokalhistorie i dette arbeidet. Vidare har Ann-Olaug og Annie laga materialpakker for sal. –Og salet har gått strykande!

Annie er primus motor for Ung Husflid. Ho elskar å formidle til born. Ung Husflid er eit tilbod for born og unge. Det er ope for alle, men born under skulealder må ha med ein vaksen. Ho brenn for at born og unge skal finne glede i å lage ting med hendene, få kunnskap om ulike teknikkar og sjå viktigheten av å ta vare på teknikkar som står i fare for å forsvinne. Teknikkar som står i fare for å forsvinne blir sett på ei såkalla raudliste, og kvart husflidslag tek eit spesielt ansvar for minst ein slik teknikk. På Ung Husflid ser Annie det som ekstra moro at born frå 8-10-årsalderen kan veve si eiga linning til bunadstakken. Dei vev òg selar og hårband til bunaden. Det er stas for desse jentene å ha laga einskilde element til den framtidige bunaden sin.

Gjennom fleire år har Annie vore, og er framleis, Ung Husflid-kontakt i fylkesstyret.

Allsidig er òg eit ord som kan beskrive Annie. Ho held på med alt frå betongarbeid til bunad, inkludert pilfletting, sprang, toving, spinning, vev og nupereller. Ho er ein pådrivar og den fyrste til å hive seg på nye ting som måtte dukke opp.

Åseral husflidslag er særs heldige som får ha tilhald på Minne kultursenter. Ikkje minst Annie veit å sette pris på det. Ho er husflidslaget sin kontaktperson mot Minne. Ho har ein eigen evne til å sjå kva ho kan gjere imens ho ventar, det kan vere å skure furubordet i peisestova, rydde i hyllene eller vaske på kjøkkenet. Annie er òg dronninga av fredagspizzaen på Minne!

Annie er eit arbeidsjern av dei sjeldne. Alt ho gjer, gjer ho for andre, t.d. husflidslaget. Ho er ein person som på ingen måte framhevar seg sjølv. Tvert imot er haldninga at «det var ikkje noko» eller «det kunne alle gjere». Skilnaden er bare at Annie faktisk gjer alle desse tinga. For Annie finst det ikkje problem 

Annie har vore medlem i Åseral husflidslag sidan ho tok med seg familien og flytta til Reiersdal frå Vigra på byrjinga av 1990-talet.»

Publisert
Vil du skrive for Lokalkulturen?
Rune Stensland, Fædrelandsvennens produktsjef for Lokalkulturen, ønsker bidrag fra nye skribenter velkommen. Ta direkte kontakt med Rune på 975 97 785