Tankar i ingaløysa

Er ikkje fantasimusklane like viktige å halde i form som kroppens musklar?

Publisert: Publisert:

Oddbjørn Aardalen (75) bor på Skjervedal i Vennesla. Han har gitt ut sju diktsamlinger. Foto: Fædrelandsvennen

Brukergenerert innhold

  • Oddbjørn Aardalen

Oppvaksen på gard blei eg alt som barn med på fysisk arbeid: I skogen med Silkesvarten, i våronn og slåttonn, i fjøs og låve, over alt der hage små gutehender kunne gjere nytte for seg. Dette arbeidet flytta inn i meg, tok bustad, blei verande. I alle år seinare, i tida med utdanning, i dei yrkesaktive åra, i tida som pensjonist; alltid har fridagar og ledig tid blitt nytta til kroppsleg arbeid: I skogen, på innmarka, i hus og heim.  Eg føler at eg sluntrer unna, stegar til side for meg sjølv, om eg ikkje får gjort eit arbeid eller to med kroppen kvar dag.

I dei seinare åra har ein annan interesse, som vel alltid har ligge der, men fyrst i godt vaksen alder har synt seg i full storleik, tredd fram: Tankeverksemd, refleksjon, skriving, dikting. Setje seg ved skrivebordet i andre høgda i det 225 år gamle huset på Skjervedal, sjå ut på grusvegen som kviler seg opp mot Egredalen, kan hende er ein svarttrast i gang med morgonmaten, kan hende høyrer eg postbilen og veit at akkurat nå legg postmannen dagens rykande ferske aviser i den grøne kassa på veggen ved inngangsdøra. Eit blankt ark og ein penn på pulten framføre meg. Sitje her og la tankane spire som lysegrøne skot på unggranane i bakken opp mot Lilletjønn.

Av og til spør eg meg sjølv: Er ikkje dette like fullverdig? Er ikkje sinnet sin aktivitet like mykje verd som kroppens? Er ikkje fantasimusklane like viktige å halde i form som kroppens musklar?

Eg har ikkje svar. Eg tek ein slurk av den varme, svarte kaffien, tenkjer: I dag skal eg ikkje gjere det slag, berre sitje her i ingaløysa. Men eg garanterer for at eg skal gjere det skikkeleg!

Les flere innlegg av Oddbjørn Aardalen her

Publisert:
Vil du skrive for Lokalkulturen?
Rune Stensland, Fædrelandsvennens produktsjef for Lokalkulturen, ønsker bidrag fra nye skribenter velkommen. Ta direkte kontakt med Rune på 975 97 785
  1. Oddbjørn Aardalen
  2. Vennesla