Turid Røynlid fekk tildelt kulturprisen 2021 av ordførar Inger Lise Lund Stulien. Turid Røynlid fekk tildelt kulturprisen 2021 av ordførar Inger Lise Lund Stulien. Foto: Åseral kommune

Kulturprisen til Åseral-bauta

Turid Røynlid (80) har vore ein bauta i kulturlivet gjennom alle åra ho har budd i Åseral.

ÅSERAL: Turid Røynlid gjekk ut av styret i sogelaget i 2020 etter 24 år, av desse 11 år som sekretær og 11 år som nestleiar. Ho har vore ein dyktig og trufast medarbeidar som alltid har stilt opp.

Turid kom til Åseral som lærar ved Lognavatn skule i 1962. I tillegg til lærarjobben vart ho og den naturlege leiaren for mange festar og samkomer i Lognavassbygda.

Ho starta opp og dreiv Fossekallen 4 H i 19 år, frå 1975 og heilt fram til 1991. Til saman tok 19 ungdomar plaketten desse åra, dette var flest i Vest-Agder i høve talet på medlemar. Ho har og vore aktiv i barneforeiningsarbeidet, barnekoret og Ung Glede.

Ho var med i Lognavatn Vel og arbeidde mykje for Grendehuset i mange år, både då det vart bygd og i tallause arrangement på 90 talet med Larsok, Barsok, Olsok og Jonsok.

Ho var lærar ved Lognavatn skule til den vart lagt ned i 1983, så begynte ho ved Åseral barnehage då den starta opp og var der fram til pensjonsalderen, men heldt fram som tilkallingsvikar.

Ho har hatt stilling som klokkar i Åseral kyrkje, Ljosland og Åknes kapell i 23 år, dei 11 siste av desse åra også kyrkjetenar i Åknes kapell. Ho avslutta stillinga etter ho vart pensjonist, men har likevel halde fram som frivillig medarbeidar i kyrkja. Ho har vore sentral i kyrkja, og god til å formidla kunnskap om kulturminna i samband med kyrkjebygga

I det frivillige kulturarbeidet som vart drive på 1970- og 1980-talet var Turid aktiv ved planlegging og gjennomføring av kulturkveldar og festar.

Då Åseral sogelag vart stifta i 1991 var det naturleg for Turid å vera med som medlem. Ho er god til å skriva og har vore ein viktig medarbeidar i arbeidet med årsskriftet og Åseralskalenderen, men også aktiv ved kulturarrangement, kafedrift og mykje anna. Ho kan mykje lokalhistorie og er eit levande leksikon på det området.

Gratulerer med kulturprisen!