Ideen kom då det rett før påske vart klart at kyrkjene måtte stenge ned - igjen.

Innspelingane vert tilgjengeleggjort på Kyrkja i Bykle, Valle og Hylestad sin YouTubekanal og Facebookside i påskedagane – fyrste kjem Skjærtorsdag føremiddag.

– Det er blant anna slike samarbeid som skal til for å løfte og inspirere til meir utøving av folkemusikkarven frå Setesdal. Eg håpar dette kan fylgjast opp seinare, seier Annbjørg Lien, som er tilsett for å arbeide med folkemusikken i Setesdal, som har fått UNESCO-status.

Rønnaug Torvik, Bykle Kyrkje Foto: Frode Vestad, Dokufilm AS. 

Annbjørg Lien formidla kontakt med Kirsten Bråten Berg - som igjen organiserte og kontakta lokale songarar og musikarar. Vetle Tveiten Hoslemo bruka helga til å øve inn «Lær meg å kjenne dine veie» - etter tone fra Kirsten Bråten Berg. Rønnaug Torvik foreslo sjølv «Å Golgata» etter Ingebjørg Vegestog frå Valle. «Som den gylne sol frembryter» av Thomas Kingo framførast også av Rønnaug Torvik.

Velvilje i folkemusikkmiljøet

– Det var fantastisk å oppleve energien og positiviteten i kultur- og folkemusikkmiljøet då kyrkja tok kontakt. Her var det vilje til å bidra og snu seg raskt for å få dette til, seier sokneprest Kristine Borgen.

Kristine Borgen, Bykle Kyrke Foto: Frode Vestad, Dokufilm AS. 

Filmselskapet Fiid ved Frode Verpe kobla kyrkja med Frode Vestad i Dokufilm, som blandt anna har vore regissør og fotograf for seriane Fjellmat og Kystmat. I løpet av ein konsentrert ettermiddag i Bykle Kyrkje vart det gjort opptak til Skjærtorsdag, Langfredag og 1. påskedag.

Folketonesalmebok lanserast i mai

Kyrkja i Bykle og Vale har også tidlegere gjort digitale opptak av gudstenester og konsertar, som alle er tilgjengeleg på YouTube.

Kyrkjeverjene Tor Hallvard Mosdøl og Anne Ringstad i Bykle og Valle håpar samarbeidet med folkemusikkmiljøet kan halde fram og vidareutviklast. Organist Henrik West har laga ei folketonesalmebok som vert lansert på gudstenester i Bykle og Valle 23.mai – i pinsa.

– Me er stolte av arbeidet Henrik West har gjort med å dokumentere og tilgjengeleggjere folketonane, og i tida framover vil folketonesalmeboka bli bruka blant anna i gudstenester i kyrkjene i Øvre Setesdal, seier kyrkjeverjene.