ÅSERAL: I nominasjonstekstane kan ein lese følgjande:

Arna Berg er fødd på Liestøl i Åseral. Familien flytte seinare til Espelid. Ho er utdanna sosionom og var faktisk den fyrste sosialsjefen i Åseral. «Kultur er forebyggjande helsearbeid» har Arna uttala i FVN, og kulturarbeid har ho verkeleg bidrege med i kommunen.

Det er vanskeleg å ramse opp alt Arna Berg har vore bidragsytar eller inititativtakar til. Ho har ein svært lang og innhaldsrik CV når det gjeld kultur.

Arna Berg sat som leiar i fyrste kulturstyret i Åseral som vart oppretta i 1973, og ho sat som leiar i heile tolv år. Utgangspunktet for oppretting av eit kulturstyre var Sigmund Jortveit sin tanke om ei sommarutstilling, seinare kalla Bygdeutstillinga. Bygdeutstillinga vart etter kvart Åseral sitt kulturelle flaggskip.

Se video:

Arna Berg har og vore med som sekretær og kasserar i Åseral barnekor, vore sterkt engasjert i Folkeakademiet i Åseral og leiar i Åseral sogelag i mange år. Ho var med heilt frå starten i Eikerapen rootsfestival med guiding på bussen til Dam 3 og med opplegg for tradisjonsmat gjennom alle år.

I seinare år har ho vore med og drege i gong Frivilligsentralen og sit som formann i styret der. Ho bidrog og sterkt i arbeidet med kulturminneplanen som vart laga i Åseral kommune.

Arna Berg har ein kompetanse innan lokalhistorie og lokaltradisjonar som få andre kan konkurrere med. Mange åsdølar har vakse opp med synet av Arna Berg på opninga av Bygdeutstillinga eller høyrt henne tale entusiastisk om kokte kålrøter eller glosteik og lepsa. Likevel tykkjer eg det er sjeldan ho blir trekt fram og hylla på den måten ho verkeleg fortener.

Nominasjonstekst Trine Åknes Eikhom:

Ho er utøver av ein idrett som krev mykje,  nemlig styrkeløft. Treningsinnsats er ein sak, men i denne idretten treng du også ein del spesialutstyr for å halde på. Idrettsutøvarar som ikkje har store forbund i ryggen må dekke  det meste av utgifter til utstyr og reiseutgifter i samband med konkurransar sjølve. Trine er  ein flott idrettsutøvar og eit førebilete på mange måtar. Ho har tidlegare slitt med depresjon  og formidlar på ein veldig ærleg og fin måte at styrketrening vart hennar måte å takle  situasjonen på. Ho er også oppteken av å formidle til andre unge vaksne kor viktig det er å  godta seg sjølv akkurat som ein er.

Trine har vunne gull i NM enkeltøvelsar i strongwoman og har noregsrekord i tre øvingar (frame lift 285 kg,  stokkbenk press 85 kg og ein arms hantelpress 70 kg).