Verken Øvrebø eller Hægeland eller Nissedal hadde vore same staden - utan Kjell. Han har skrive ætte- og bygdesoge om alle dei tre bygdene. Dei lokale var det faren Jon som byrja på. Den om Nissedal kom i fire bind.

Det er lenge sidan Kjell budde lokalt. Han flytta til Telemark på 60-talet og var i mange år skulesjef i Nissedal. Der har han budd med familien. Kjell gifta seg og fekk fire born-

Kjell pleier å grunngje alt han har skapt med ordet skrivekløe. Og det er noko han verkeleg har.

Det er som barne- og ungdomsbokforfatter Kjell Åsen er mest kjend, for ikkje å snakke om høyrespel han har skrive for NRK.  Kjell Åsen var ein av dei aller fyrste som skreiv om barnevandringane på Agder. Det gjorde han i eit høyrespel på NRK på 60-talet.

Han har også skrive biografien om Anne Grimdalen – den kan hende alle største kvinnelege steinhoggaren Noreg har sett. Og han har skapt eit sangspel i Nissedal, tonesett av Sigvald Tveit.

Til saman har han skrive over 30 bøker.

«Eg har nok skrivekløe» gjentok han då Fædrelandsvennen skreiv om den store kultur- og sogemannen for fem år sidan. Då var han 85 og gav ut si siste bok med tittelen: «Me ber alle med oss ein barndom». Den handlar opp barndomen på Røyknes og alt han opplevde på 30- og 40-talet i den spesielle stasjonsbyen inne i skogen langs Otra. Kjell Åsen skriv i boka:

«Pakkbua hos Heggland hadde si lukt, sirup og parafin, spekesild og fottøy av skinn under taket. Pakkbua hos Homme kunne by på si godlukt av brød og wienerbrød, og langs heile bygda låg snøslapset eller veggrusen blanda med hestemøkk. Eg kan enno kjenne igjen lukta frå dei gardane der dei kinna smør.»

Det passar så godt no. For Kjell Åsen skriv så godt at ein samstundes som ein les kjenner att både lukta og høyre lyden.