Ein vinterdag for 23 år sidan vart eg køyrd med scooter opp til ei stølsbu på Hovsheia i Hyllestad for å ta omriss av handa til setesdalskjempa Bjørgulv Uppstad (1789-1866). Det vart ei spesiell oppleving. Hytta var malen, men eigarane hadde heldigvis spart området der Bjørgulv saman med to av sønene sine Eivind og Olav hadde skore ut omriss rundt hendene. Eg brukte matpapir for at omrisset som skulle med i boka «Kjempa for Norge» skulle bli mest mogleg identisk. Det finst jo ikkje bilete av kjempa som vi veit om, så dette omrisset var det einaste «livsteiknet».

Første match hittil

Sonen Knut som også vart kalla Setesdalskjempa finst det eit bilde av som er allmenn kjent og også har vore på postkort. Handa har med jamne mellomrom vore avbilda i lokalaviser rundt om i Sør-Noreg heilt sidan tidleg på 1900-talet. Inn til nyleg har eg aldri sett noka hand som har vore i nærleiken av Bjørgulvs i storleik, når dei har lagt si eiga hand oppå omrisset. I løpet av desse tiåra har mange prøvd, men ingen har vore i nærleiken å matche giganthanda.

På dette bildet frå desember 2021 held den tidlegare finske langrennshelten Juha Mieto (72) si kjempehand inni omrisset til Bjørgulv Uppstad. Foto: Trond Trydal

Men rett før jol fekk eg tilsendt eit bilete av ei hand som var lagt oppå Bjørgulvs hand som også er gjengjeve i den nye boka om Bjørgulv Myhola. Bilete fekk eg av Trond Trydal som i 50-årsgåve frå sambuar hadde fått treffe ein av dei store barndomsheltane sine og ein person som for mange her i Norge er den aller største finske kjendisen.

Køyrer berrføtt

Juha Mieto (72) er nesten to meter lang og bruker skostørrelse 52. Når han køyrer bil, uansett kor kaldt det er, tar han av seg sko og sokkar, for det er berre berrføtt beina får plass på pedalane. Det er rett og slett sikrast for Juha å køyre slik. At den mangeårige praksisen til giganten kan vera ulovleg, bryr ikkje Mieto seg om. Han har ifølgje han sjølv ikkje noko val, skreiv den svenske avisa Expressen. Også kulda prellar av. «Eg har alltid vore kjent for blodomløpet mitt. Kulde har aldri vore noko problem, seier han.

Juha Mieto vart kjent som Finlands store langrennsløpar på 70-talet, og framleis pleier han vennskapen med Oddvar Brå frå Norge og Thomas Wassberg frå Sverige, sjølv om han berre kan forstå og snakke finsk. Mieto tok OL-gull på stafett i 1976, men vann aldri noko individuelt gull. Han var nærast under OL i Lake Placid i 1980, eit løp mange nordmenn framleis hugsar. Finnen tapte gullet på 15-kilometeren med eitt hundretals sekund til Thomas Wassberg. Derimot tok Juha Mieto seks sigrar i Holmenkollen, derav fem av dei på 15 km.

Her står Juha Mieto (f.v.), Thomas Wassberg og Oddvar Brå under showrennet Kulåssprinten i Sarpsborg i 2016. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Då vi i romjula var i Finland, fekk vi med hjelp av tolk løyve av Juha sjølv til å offentleggjere dette bilete. Eg fekk òg førespurnad av tolken om å fortelje historia om Bjørgulv Uppstad og kjempehanda i lokalavisa i heimbyen til Mieto, Kurikka, ein by med cirka 14000 innbyggarar. Juha, som er kjent for å vera ein svært omgjengeleg kar, forklarte at han alltid, også i si tid som politikar, har vore sterkt engasjert i det nordiske samarbeidet.

Etter at den finske kjempa la handa si i omrisset til Bjørgulv kan vi fastslå at så nær i storleik har vi aldri opplevd før.