Over til den andre sida

Det er som om naturen seier: Livet og døden er som våren og hausten.

Publisert: Publisert:

Oddbjørn Aardalen (75) er en norsk dikter som bor på Skjervedal i Vennesla. Han har gitt ut sju diktsamlinger. Foto: Fædrelandsvennen

Brukergenerert innhold

  • Oddbjørn Aardalen

Eg gjeng like på det daude villsau-lammet der det ligg på bakketoppen mot St. Hans-fjellet. Regnet i går har gjort bakken grøn og angande. I hagen hundre meter unna blømer plommetrea. Om eg legg øyret inntil bjørkestammen, høyrer eg søtlege lydar, sakte på veg opp mot lyset. Ein vårbekk gler seg i lia ned mot Røllen.

Denne våren runder eg 76. Systera mi har gebursdag i november. Ho misunner meg som «maibarn.»

Eg tek det daude villsau-lammet, ber det varsamt bort til røysa like ved. Grev det ned. Våren, livskrafta, lyyset og lengten endrar seg ikkje. Det er som om naturen seier: Livet og døden er som våren og hausten.

På eit underleg vis blir alt så mykje sterkare nå, endå meir fyllt av ei oppkomme av livskraft, lengt og grøde. Og det daude villsau-lammet hoppar frå grava i røysa over den syngjande vårbekkjen – til den andre sida. Sida som berre daude, nyfødte villsau-lam kan nå.

Les flere innlegg av Oddbjørn Aardalen her

Publisert:
Vil du skrive for Lokalkulturen?
Rune Stensland, Fædrelandsvennens produktsjef for Lokalkulturen, ønsker bidrag fra nye skribenter velkommen. Ta direkte kontakt med Rune på 975 97 785
  1. Oddbjørn Aardalen
  2. Vår
  3. Lam