Eg var ute og brøyta tunet for snø i dag, med sørlandsskuffa. Det var tredje dagen på rad. Det er eit svært tun, med stikkveg ut til Fv-42.

Igjen måtte eg måke vekk ein svær og tung snøskavl som var blitt liggjande att i utkøyrsla etter at brøytebilen hadde passert. Postkassa måtte eg òg brøyte fram igjen. Det var på grensa til at eg begynte å bli litt frustrert. Eg er ikkje lenger i toppform fysisk. Det kostar meir med slikt arbeid enn i «glansdagane» som ung og sprek fotballspelar.

Eg kom til å tenke...

Men så gav eg meg til å tenke. Det er utruleg fint at me har slike flinke brøytebilsjåførar, som er oppe om nettene og sørger for at vegane er køyrbare når me står opp og kanskje skal på arbeid. Me må vere takksame for det! Tenk om dei skulle stogge og rydde kvar einaste utkøyrsle bortetter. Då måtte dei sikkert hatt fire gonger så mykje i betaling for jobben. Dei hadde ikkje hatt tid heller. Det er også veldig fint at me har eit offentleg apparat, som sørger for at brøytinga skjer i ordna former. Sjølv om me betaler skatt, og er med på å finansiere brøytinga, skal det planleggast og gjennomførast av nokon også.

Den kompakte snøen etter snøplogen på brøytebilen er mykje tyngre enn den vanlege snøen. Dessutan er det gjerne litt strøsand og anna rusk og rask i han. Det kjenner du sikkert til, du som brøyter heime sjølv. Eg legg då den tunge snøen nederst mot bakken, og bygger opp eit bra fundament for snøtippen er lagar meg ved sida av vegen for å få snøen greitt unna når eg måker.

Med ein solid og hard såle under, som eg ikkje tråkkar gjennom heile tida, til stor frustrasjon, er det bare å gi skuffa litt fart opp den vesle kneika så sklir ho avgarde mest av seg sjølv. Så tipper eg snøen utfor toppen som etter kvart har bygd seg opp, og han forsvinn ut av vegen på eit blunk. Kanskje har eg til og med eit bra «snøryddingssystem» lagt opp for resten av vinteren, nå!

Heldig

Eg har nok med å styre med mitt eige liv. Eg vil ikkje gje andre råd for det nye året. Kvar og ein av oss må finne sin eigen veg gjennom livet, og gjere sine eigne val. Så langt det er mogeleg. Det er ikkje alltid det let seg gjere.

Men for min del vil eg prøve å vere endå flinkare til å ikkje klage over alt som ikkje er optimalt i livet.

Eg er uføretrygda på grunn av sjukdom, og står ikkje så veldig høgt i kurs her i Norge. Men likevel reknar eg meg som enormt heldig i livet. I 2022 passerte me åtte milliardar menneskje på kloden vår. Av alle dei, vil eg nok tru at eg i det minste høyrer til den milliarden som har det aller best materielt sett. Sju milliardar menneskje der ute har mindre å rutte med enn meg. Mange har mest ingenting. Fleire må gå svoltne til sengs enn nokon gong. Om dei er så heldige å ha ei seng å legge seg i, då. Veldig mange lever i livsfare i land der det er krig, terror og uro.

Eg er sanneleg heldig! Kvar dag vaknar eg og høyrer kjærasten puste ved sida av meg. Ho er så inderleg god. Eg trur eg med handa på hjarta kan seie at eg har kjend glimt av lukke kvar einaste dag eg har fått lov til å vere saman med henne. I løpet av 25 år blir det ein del store augneblink!

Glad i heimplassen, glad i Norge

Ja, eg vil prøve å vere endå meir takksam for det eg har, og prøve å tenke endå mindre på det eg ikkje har, eller «alt» som er galt med samfunnet vårt.  Eg er veldig glad for å bu i Evje og Hornnes, i Setesdal – om det er lov å seie for ein honndøl – og i Norge.