I dag er det 64 år sidan den fyrste sida i dagboka mi frå 1956/57. 7. desember 1956 var dagen då 12-åringen gjekk til verket og sette ned på papiret kva som hendte på ein liten gard i indre Agder på 1950-talet.

Eg ser det føre meg: Julemånaden og ei påtakeleg, nær sagt høyrbar forventning mot høgtida som skulle kome. E. har alt vore her og slakta grisane. Mamma og Nana har ordna kjøtet på tradisjonelt vis. Nå ligg det i tønnene i kjellaren, i saltlake, nydelige grisesteiker som skal vere høgtidskost fram til neste desember. Onkel A., O. og Å. har vore her og henta sin del av juleslaktet, også det på tradisjonelt vis.

Tante M. og Nana har halde til i bryggerhuset og baka flatbrød, så tynt, sprøtt og nydelig som berre dei får til. Julebaksten er i full gang: Krumkaker, fattigmenner, sirupssnipper og alle dei andre som skal vere her til jul. Persesyltet er også på plass. Jau, det nærmer seg jul, og Skjervedal-folket er klare med dei fleste oppgåvene, også i 1956.

Ute regjerer pappa. Mager, senesterk og veldig sprek. Ved sida av fjøsstell i kummerlige omgjevnader er det i skogen med Silkesvarten han har sine dagar. I regn, i sludd, i laussnø, på orete, tilfrosne myrer og steer, kjem tømmeret fram frå Skjervedalsskogen som det har gjort i alle år tidlegare. Mann og hest er eitt, godt tilpassa og tilvendt. Tømmerlunnene aukar utover vinteren, og innkomsten av skogen og mjølkeproduksjonen gjer til at det er livseksistens på garden.

Det er travle tider. Ved sida av dei daglege, tradisjonelle gjeremåla er eit stort prosjekt på gang: Bygging av gardssag. Ein gamal draum blir realisert. F., B. og pappa reiser saga som skulle bli sjølve krumtappen i næringsverksemda på garden i dei næraste 20 år.

Vi barna budde midt i ei eventyrverd. A-B var 14, eg 12 og A. var nettopp født. Vi hadde varme, omsorgsfulle foreldre som var glade i kvarandre og hadde tid for oss. Vi hadde Nana som var andre mor. Vi var tett på naturen, levde oss inn i årstidane si skifting og blei kjent med gjeremåla på garden vinter, vår, sommar og haust. Vi delte dei vaksne si glede når kalven som kom var av hokjønn, og følte harmonien når Jens Book-Jensens røyst lydde med « Når lysene tennes der hjemme» i Ønskekonserten i radioen mandags kveld.

Glorifiserer eg når eg minnast desember 1956 på min barndoms Skjervedal? Ei tid som med dagens auge, 64 år seinare, var materielt sett veldig ussel. Nei, eg gjer ikkje det, for det gjeng ikkje an å late som om denne tida var betre enn ho var. Det var ei fantastisk tid: Trygg, spennande, levande, forventningsfull. Min barndoms eventyrverd.

Les flere innlegg av Oddbjørn Aardalen her