VALLE: Når Hallvard T. Bjørgum svinger bogen og speler slått etter slått, undrar ein litt på om han kan alle variantene, eller om han berre finn på. Men når han vert del av ein trio saman med Gunnar Stubseid og Eivind Tancke-Larsen Knutsen, og felene let i perfekt samklang, skjøner ein kor stort dette er.

Desse karane kan hundrevis av slåttar til perfeksjon. Dei er dei store. Dei har lært av dei store, dei leverer vidare til dei som snart vert dei store.

Når Hallvard tek til å kvede og ungdom som Sigrid Jore og andre svarer ute i salen, oppdagar ein ekstra tydeleg at Setesdal-kulturen lever og at ein er del av tradisjonar som går hundrevis av år attende og som me vonar vil vare hundrevis av år framover.

Må være der når det skjer

Det er dette som er den immaterielle kulturarva som er heidra med plass på Unescos verdsarvliste. Du må oppleve der og då i augneblinken. Denne kulturen er ikkje noko du kan ta på eller ta med deg til seinare. Skal du samle på han, må du vere til stades og oppleve.

Folkemusikkpuben onsdag før Skjærtorsdag er noko heilt spesielt, og noko som langt fleire hyttefolk og fastbuande skulle få med seg. I år var det temmeleg fullt i salen, men den magiske kjensla av å oppleve dei lange linene i tilværet medan dei utfaldar seg i røynda, er stort.

Foto: Odd Inge Uleberg

Lydias sang

Hallvard roper opp 11 år gamle Lydia Sofie Pettersen frå Vennesla. Ho skal synge ei tatervise.

Det viser seg at grandtanta til far til Lydia, Jim Roger Pettersen, reiste gjennom dalen i si tid. Tanta kom i kontakt med Torleiv Bjørgum og song tatervise på fjernsyn frå Sylvartun i 1961. No har Jim Roger tatt tak i denne soga og dottera har spelt inn musikken på nytt.

Verda

Det få veit er at nokon av dei mest kjende slåttane i Setesdal er inspirerte av tater-musikk. Då taterane byrja å reise i dalen, vart det tett musikalsk kontakt. Folkemusikk møtte folkemusikk. Stolt tradisjon møtte stolt tradisjon.

Hallvard fortel at vanleg fele tok over for hardingfele i nesten 100 år i dalen på grunn av påverknaden frå taterane. Dei fann kvarandre. Det er likskap i tonene.

Denne kvelden på folkemusikkpub les Hallvard eige stev om hendingane i Ukraina og det er så sjølvsagt at han gjer det. Det passar inn.

Det er lett for dei nede ved kysten å sjå på stev og slått som noko rart oppe i innestengde Setesdal. Sanninga er motsett.

Rundt heile jorda er det likskap i folkemusikken. Han lever lokalt, men er noko av det mest universelle me har. Og det er nesten magisk å tenke på.