Dette er eit signal om at blåbærhausten blir god. Hadde vi kunne samla oss, ville vi ha begynt å diskutere kvifor liva våre er så rike når vi opplever at dei blir meir og meir skrøpelege.

I «Drive-in-gudstenesten» her om dagen trudde eg ein augneblink at det kvite håret til kyrkjetenaren (som gjekk fram og attende bak kyrkjegardsmuren som om han leita etter eitkvart) var ein villsau på beite. Dette er farleg; ein kan bli kasta inn i ei grublande stille som i verste fall kan vare i fleire ti-år.

Heldigvis stemte presten i med «Blott en dag» av Lina Sandell, og ein brandlut katt vart skræmt, klatra opp i det store bøketreet på kyrkjegarden, det som tek all næring frå kjeglegrana som vi har planta på mamma og pappa si grav.

Ved avslutning av gudstenesten har sola kome så høgt at ingen av bilane er i skuggen.

Presten bed om regn.