— Eg skjønte ikkje kvifor det var så viktig at eg skulle kome på festen som Bygland Mållag arrangerte på Ose Grendehus, og festen vart enda trivelegare enn eg hadde trudd, ler Annemor Sundbø. Ho ser det som ein heider ikkje berre til seg sjølv, men også til strikkefaget og til Setesdal at ho laurdag var overraska og påskjøna med Kongens fortenestemedalje for arbeidet sitt.

Det er fylkesmann Øystein Djupedal som har søkt om at Sundbø skulle få medaljen, etter framlegg frå Magnhild Rygg, Torhild Austad og Signe Sollien Haugå.

I brevet frå fylkesmannen til slottet heiter det:

"Annemor Sundbø har spunne sin eigen tråd gjennom yrkeslivet og livsveven – som granskar, formidlar, kulturberar og pådrivar for delar av kulturhistoria knytta til ein kvinnedominert del av kulturhistoria vår. Ho har vigd tida si til tekstilfaget, - tradisjonar, ulla, tråden, strikkekunsten og lusekofta frå Setesdal spesielt. Ho har eit unikt engasjement og ein eineståande kompetanse innafor feltet “immateriell” kulturarv. Annemor evner å knyte historia over i notid og framtid - og inn i ein global samanheng."

— Eg er van med å tenkje at dette er ein medalje som mest gamle folk får, men eg kjenner meg ikkje gammal, ler Sundbø.