BERGEN: På Nøstet, forbi smau, brustein og tronge gater, ligg bygget som husar Carte Blanche – det nasjonale kompaniet for samtidsdans. Inne er det full aktivitet. Ei lita pause, vi får ein prat med dei ferskaste utøvarane i dansekompaniet – som kom gjennom nålauget på audition. Konkurransen var nemleg knallhard. Fleire hundre dansarar frå heile verda, kjempa om dei ledige stillingane.

— Dette er eit karrierelyft og ein stor sjanse for meg, seier Irene Theisen.

26-åringen frå Kristiansand har fått eit vikariat i Carte Blanche ut året, der ho skal arbeide med ei danseframsyning som skal vere klar i januar.

Attraktiv arbeidsplass

Tidlegare har Theisen arbeidd frilans som dansar i Oslo.

— Eg får ein heilt anna kontinuitet hos Carte Blanche. No får eg jobbe med dansekoreografar over lang tid, og får ein mykje større breidde i arbeidet. Og så er det luksus å vere rundt dansarar som er på eit så høgt nivå, seier Theisen.

Som trur og håpar at jobben i Carte Blanche kan vere eit springbrett til større moglegheiter.

— Carte Blanche er ein attraktiv arbeidsplass, og er kjent også i utlandet. Det er stort påtrykk av søkjarar frå heile verda, så eg er svært audmjuk over jobben. På CV-en er dette eit kvalitetsstempel, som gjer at eg kan få kome på ein internasjonal audition framfor å forsvinne i papirbunken, seier Theisen.

Tøft i Portugal

Portugisaren Hugo Marmelada har fått ei meir permanent kontrakt på eitt år – og jublar.

— Dette er ein draum, eit mirakel, seier Marmelada.

Han har også arbeidd i Oslo, og fortel om ein vanskeleg situasjon for dansarar i heimlandet Portugal.

— Dei økonomiske nedgangstidene råkar dansekompania hardt. Fleire av dei er forsvunne. Regjeringa har slått kulturdepartement saman med utdanningsdepartementet for å spare pengar. Det er tøffe tider, og ein eviggåande kamp som dansar, seier Marmelada.

Jobben i Carte Blanche gjer derimot at han ser lyst på framtida.

— Dette er ein døropnar fordi Carte Blanche er så godt kjent i utlandet. Det blir lettare å få andre dansejobbar, når eg har dette på CV-en, seier 26-åringen og smiler.

På video

Britisk-sveitsiske Nicole von Arx skal vikariere for Carte Blanche-dansar Caroline Eckly medan ho har fødselspermisjon. Ho har jobba for ulike dansekompani i New York – og det var her teatersjef ved Carte Blanche, Bruno Heynderickx, la merke til henne.

— Både ho og dei to andre er fabelaktige dansarar. Dei kjempa mot om lag 500–600 søkjarar, seier Heynerickx.

Han meiner det er fleire grunnar til at Carte Blanche har eit svært godt renommé i utlandet.

— For det første har vi veldig gode koregrafar, og stor ekspertise. For det andre turnerer vi mykje i heile verda, i tillegg til at vi er aktive på sosiale medium. Den største forskjellen for 20 år sidan, er likevel at folk no faktisk ser kva vi gjer, gjennom videoar på YouTube og på heimesida vår, seier teatersjefen.

I ei tid der fleire dansekompani i Europa slit, rosar han Noreg for å investere pengar i dans.

— Kultur har ein verdi i seg sjølv, det gir folk meining, lidenskap og draumar å følgje. Den norske konteksten er sånn sett ganske unik, fordi regjeringa nettopp ser verdien av kultur, seier Heynderickx.