VALLE: Før omlag 1900 var svaret på dette temmeleg enkelt: Ingenting! Men etterkvart vart det vanleg med underbukser, les vi i «Rette klede i Setesdal».Det var viktig å skjula plagga så godt som råd, mellom anna skulle ein ikkje henge dei til tørk godt synleg. Fram til rundt 1920 sauma dei mange underklede av kveitemjølssekker. På denne tida kom mjølet i bomullssekker, og dette stoffet kunne nyttast. Det var særlig kvinnene som brukte dette, dei laga både undertrøyer, liv og underbukser av desse sekkene.Karane hadde helst underbukser av kvitt, tynt vadmel — eller og kveitemjølsekker til sommarbruk. Undertrøya var gjerne spita av garn som var spunne av vårflokane - den ulla dei klipte om våren. Dette var mjukt garn, men ikkje særleg slitesterkt.Frå 1917 kom det ut ein stor katalog frå Utstyrsmagasinet til alle husstandar. Denne katalogen vart svært populær. No kunne dei kjøpa underklede både i makko, bomull og ull. Og utvalet var stort. Men dyrt var det.