Kjell Gundersen:

Emelie, fiskehandlerens datter

Roman

Aschehoug Trilogien om "fyrstikkfolket" (1991-1995) blei stort sett positivt motteken. Proletardiktaren frå Halden følgjer no opp med "Emelie, fiskehandlerens datter". Den nye romanen frå Fredrikshald (i dag Halden) er tidsmessig plassert på 1870-talet. Det er ei brytingstid — til Christiania går det dampbåt, men det er skip med segl som er arbeidsplassen for mange unggutar som vil sjå seg om i verda. Det er 10 år før Hans Jæger skriv om Christiania-bohemen, men både Ibsen og Bjørnson har begynt å skrive om si eiga tid. Det er det ingen av personane til Kjell Gundersen som registrerer, heller ikkje dei som lever på solsida. Hovudpersonen er Emelie Bakke, dottera til Georgine og Niels Bakke. Ho må, saman med brørne sine, Oskar og Anders, jobbe hardt for føda. Samstundes vert ho halden strengt heime, mykje strengare enn brørne sine. Ho er jo jente, ung kvinne. Likevel møter ho den store kjærleiken, Axel, ei Sankthansnatt. Slik blir "Emelie, fiskehandlerens datter", også ein klassisk kjærleiksroman. Når Emelie får huspost hos den "fine" enkefrua Langenhahn, kjem den rike sonen hennar, Mads, på banen. Emelie er vakker, Mads er rik og full av livsappetitt. Men så er det altså fattigguten Axel, som ho har lova å vente på ... Rammeforteljinga er altså ikkje spesielt original. Eg vil sjølvsagt ikkje røpe for mykje om korleis det går med Emelie, men på ein eller annan måte skal alle eventyr ende godt, også eit proletareventyr. Verken ei religiøs mor eller ein bror som vert drapsmann kan til sjuande og sist hindre ein god - og open - slutt. Viktigare enn kjærleikssoga synst eg miljø- og naturskildringane til Kjell Gundersen er. I møte med naturkreftene møter vi personane, først og fremst Emelie. Havet er sjølve livsgrunnlaget for fleirtalet av personane vi møter i denne romanen. Men, havet er lunefullt, når det viser seg frå vrangsida, kan det stå om livet. Grunnleggjande opplever eg "Emelie, fiskehandlerens datter" som ein roman om og i grenseland. Halden ligg i grenseland mellom Noreg og Sverige, som fiskehandlardotter er Emilie verken rik eller verkeleg fattig. Det er naturen i grenselandet mellom hav og land forfattaren presenterer oss for, og i direkte tale nyttar han alt frå rein "fredrikshalddialekt" til "svorsk" og språket til enkefru Langenhahn - skal vi seie, "beste-vestkant"! Av og til vert dialogane på dialekt ikkje heilt enkle å lese. "Du ska se det år'nær sæ nok..." er greitt, men når steinhoggaren Lennart set i gong på sitt svensknorsk, kan det bli vanskeleg:"...Ja, tusan va illa ho var d¿rhen...". Soga om Emelie er ærleg og vakker. Kjell Gundersen er glad i personane sine, så glad i dei at eg har han sterkt mistenkt for å ha minst ei bok til om dei same menneska i tankane. Ei slik bok ser eg fram til. Bjarne Tveiten