Den norske næringsministeren tek sitt eige liv, investeringsselskapet Flemming & Co sel bedrifta Freshwater til engelske British Development & Construction Company og tener raske, store pengar. Salet blir organisert av den søramerikanske investoren Ernst Vik, som sjølvsagt også tener flust. Freshwater distribuerer reint drikkevatn i diverse utviklingsland, særleg i Midtausten. Denne marknaden er lukrativ — og temmeleg luguber. Mange slike prosjekt vert finansiert av offentlege midlar og Verdsbanken, og det heile ligg vel til rette for svindel i den heilt store stilen. Inn i dette vepsebolet plasserer forfattaren meklaren John Andersen, som også har tent millionar på salet av Freshwater. Han vil slutte i selskapet, dessutan blir han hovudstups forelska, med alvorlege følgjer for det skrantande ekteskapet.Handlinga har mange trådar, men forfattaren har styring på alle, og kriminalhistoria er både god og innsiktsfull. Forfattaren har jobba i finansverda og kjenner stoffet sitt.Med andre ord, Freshwater er førsteklasses, kriminalteknisk handverk. Du blir nærast jaga frå side til side, og nesten 400 sider verkar ikkje å vere for mykje. Men språket er forunderleg slapt. Det verkar som om Kristensen nærast har køyrt på språkleg autopilot. Litt meir jobbing med språket kunna ha gjort denne svært gode kriminalromanen eksepsjonelt god.Bjarne TveitenBOKForfattar: Tom KristensenTittel: FRESHWATERKriminalromanForlag: Aschehoug