Vaskesetelen kallar tekstene noveller, i boka blir ingen sjanger oppgjeven. Fleirtalet av tekstene er noveller, men alle er det ikkje. Det betyr lite, dei 20 korttekstene er sjølvutleverande – og – det formeleg gnistrar av fleirtalet. "Ønske" heiter den første teksten – ei flott novelle – som grunnleggande handlar om angst og eit sterkt ønske om vern og tryggleik. Den siste teksten heiter "Den du frykter", og nøkkelordet her er lovnad – om vern mot vonde og uhandterleg angstkjensler. Det er ei mamma som fører ordet i båe tekstene, og sjølv om det berre er i den første at forfattaren ganske direkte peikar på ektemannen Karl Ove Knausgård, er det ganske opplagt at båe har sjølvbiografiske trekk.

Tekstene er tematisk varierte: barndomsminne, eventyrprega tankespinn, kvardagsskildringar, kjærleiksmøte. Men det er kvinner som er hovudpersonane heile vegen, barn, unge jenter, vaksne og eldre kvinner – mange av dei mødrer. Kvinnene er svært ulike, men absolutt alle, frå dei yngste til dei eldste, ber på angst. Gjennomtrengande, lammande redsle for å trå gale, for å misse, for at kvardagen skal bli øydelagd, for det ukjende og – for kvinnene i denne boka – det skrekkfylte. Det er nakne tekster, desperate, gjennomlevde, påtrengande. Dei lever, dei er nærgåande, dei er påtrengande. Eg greip meg sjølv i å sjå "Skrik" for meg, det verdskjende måleriet til Edvard Munch.

Ei klassisk novelle skal helst ha eit såkalla vendepunkt. Det har mange av tekstene i denne samlinga, og iblant er det utruleg overraskande. I novella “Usett landskap”, der første delen er lagd til ei jernbanevogn, ergrar hovudpersonen seg over ein mann som snakkar i telefonen – og gjev høgt og tydeleg uttrykk for det. Slutten er lagt til ei seng, der dei to har ei intens hyrdestund…

Den 17. november 2011 skreiv Dagbladet: "Under arbeidet med "Min kamp 6" ville Karl Ove Knausgårds kone Linda Boström Knausgård ta sitt eget liv og hun ble innlagt med depresjoner og mani. Nå utleverer Knausgård alt." Det er umuleg å lese "Grand mal" utan å ha det mentale samanbrotet til forfattaren i bakhovudet, og sjølv om forfattaren sjonglerer med ulike namn på kvinnene i tekstene, meiner i alle fall eg at dei aller fleste har tatt utgangspunkt i sjølvopplevde hendingar.

Språket er eit kapittel for seg. Boström har gjeve ut ei diktsamling, og ein del av forteljingane har sterke prosalyriske trekk. Bildebruken kan vere dramatisk. I "Lungene og regnet", meir skisse enn novelle, har ei kvinne lege lungesjuk i eit halvt år og ser for seg: "Bakgården består nå av svelgebevegelser og gurgling. Som gapet til en gammel mann. Som et rustent avløp. Nå beveger ormene seg der nede. Slynger seg rundt hverandre med fornyet kraft."

grand mal.jpg