Sjanger: Roman

Forlag: Gyldendal

Hausten 1971 blir eit norsk par drepne av ein udetonert granat frå 1. verdskrigen i eit skogholt i Frankrike. Sonen Edvard, tre år, blir sporlaust borte, men dukkar opp att fire dagar seinare, og veks opp hos bestefaren på ein gard i Gudbrandsdalen. Det er forsvinninga til tre-åringen som er den episke motoren i denne velskrivne boka. Då bestefar døyr dukkar ei flott kiste opp — maken til treverk har ingen sett. 23 år gamle Edvard bestemmer seg for å prøve og finne ut kva som skjedde i 1971, og leitinga fører han både til Frankrike og Shetland.

«Hel ved» frå 2011 blei ein braksuksess, og det handlar mykje om tre - og ein flink snekkar - også i årets bok. Dessutan handlar det om familieløyndomar, engelsk aristokrati, skadd skog og skadde menneske, oppklårande brevbunker og ikkje minst kjærleik og hat. Eg greip meg sjølv fleire gonger i å minnast «Halvbroren» av Lars Saabye Christensen, og det blir for meg udelt positivt.

Mytting viser i denne 460 sider lange romanen at han er ein dyktig historiesnekkar. Det er tre år sidan «Hel ved», og forfattaren har hatt god tid til å finslipe både språk og handling. Ei så lang bok som denne, føler eg ofte at har godt av ei innstramming, men slik er det ikkje her. Kanskje blir det i meste laget mystikk, men når handverket er så godt som her, toler ein slikt.

Lars Mytting bilde.jpg