John Williams (1922-1994), amerikansk professor og forfattar, gav ut denne romanen i 1960.Verken “Butcher’s Crossing” eller “Stoner”, som kom på norsk i fjor, blei lagt større merke til då dei kom.«Stoner” har eg ikkje lese, men bokmeldarane var uvanleg samde om at det var ein god roman.Det er også “Butcher’s Crossing”, og det er ei gåte for meg at ikkje romanen blei oppdaga for 55 år sidan. Hovudpersonen, ein ung student ved Harvard College i Boston, William Andrews, er lei tilgrisa bymiljø, og vil bli kjent med naturen.McDonald, ein ven av familien Williams, forhandlar bøffelskinn, og fortel om Miller, ein råbarka jeger med evner og kunnskap om å overleve i villmarka i Colorado.Saman med Charley Hoge, whiskyelskar med berre ei hand og Fred Schneider, ekspert på å flåing av bøflar, dreg byguten og Miller til ein avsides dal der dei finn ein svær bøffelflokk, og den sanselause nedslaktinga kan ta til.

Romanen har mange botnar, i ein kort omtale blir det berre plass til nokre av dei.Alle dei fire karane endrar seg i løpet av den strabasiøse jakta, og den lange, iskalde vinteren som dei berre så vidt overlever.Miller får slakting av bøflar på hjernen, Andrews lærer, på den harde, smertefulle måten, korleis det ofte glorifiserte cowboylivet eigentleg er.Dei mjuke hendene hans blir harde og grove, og det skjer mykje med psyken, både hos han og dei andre.

Også den verbale kommunikasjonen mellom dei blir annleis, meir primitiv, særleg i løpet av vinteren.Svært avslørande om kva som har skjedd med den unge, nokså naive og naturromantiske boston-studenten er forholdet til den prostituerte Francine.Før turen i villmarka, byd ho seg fram, men han seier nei takk. Etter at han har overlevd mareritturen gjer han det ikkje.

Innleiingsvis siterer forfattaren først Ralph Waldo Emerson, ein amerikansk naturromantikar frå 1800-talet.Deretter kjem eit sitat av ein annan kjend forfattar frå 1800-talet, Herman Melville, som kan karakteriserast som det motsette.Dette er sjølvsagt ikkje tilfeldig, men eg skal ikkje anna enn oppmode lesarane om å ha dette i bakhovudet under lesinga av “Butcher’s Crossing”, som etter mi meining først og fremst er en god, men etter mi meining, ikkje genial psykisk utviklingsroman.