I denne mursteinen av ein roman, over 500 sider, følgjer vi hovudpersonen frå oppvekst i Groruddalen på 1950— og 1960-talet - som Alf I Veber - til han sit på toget som skal frakte han over Den engelske kanal til Europa som 48-åring i 2001, og med eit pass som fortel at han er engelsk statsborgar og heiter Ian Stuart! I mellomtida har han som barn bygt hytte i eit tre i Groruddalen, spela i band, skrive boka «Den nye barokken», grundig slakta, og blitt søkkrik som it-gründer. Sin eigen nekrolog har han og lese. Det sluttar ikkje der, han markerer inngangen til det nye 1000-året med ein tur til ei nedsnødd hytte i Jotunheimen og dreg deretter til London for å finne og fri til Anna, jenta han ikkje fekk. Det vil seie, dette gjer han etter å ha avvikla alle interessene sine i it-bransjen og gjeve bort det aller meste av pengane sine. I London startar han med telt og sovepose - etter å ha fridd offentleg i samband med ei mottaking i den norske ambassaden. Ei mottaking det er vanskeleg ikkje å kople direkte til lanseringa av Jan Kjærstad på den engelske bokmarknaden.

Eg skal la det bli med dette om det heilt konkrete handlingsmønsteret i romanen, men vil samtidig understreke at det skjer uendeleg mykje meir. Det i det heile ein handlingsmetta roman.

Kongen av Europa har, til og med i tittelen, ein dobbel bodskap. Du kan, viss du insisterer, lese Europa som verdsdelen Europa, men det er i røynda, i denne romanen, meir tale om ein av månane til planeten Jupiter, for ikkje å seie eit digert krater ein stad i Nordmarka. Eg skal la dette stå akkurat slik, og håpar at det kanskje kan pirre enkelte til å lese romanen til Kjærstad.

Ja, for eg vil gjerne at mange skal lese denne romanen, om eit ekstremt, rikt utstyrt menneske, Alf I Veber, som likevel manglar, skal vi seie, kunnskap om kjensler. Han går til det ekstreme, anten de no gjeld erotiske eskapadar eller fordjuping i opplysningstida på 1700-talet. Eller barokken - og Händel. Samstundes er han sterkt oppteken av popmusikk, alt frå The Kinks til Oasis. For ikkje å snakke om kunnskapsbrokkar som gjer han til ein suveren vinnar i Trivial Persuit.

Likevel er det noko som skurrar.

Av ein Jan Kjærstad, forfattaren som skapte trilogien om Jan Wergeland, bøkene som var bakgrunnen for at han fekk Nordisk Råds Litteraturpris, av ein slik forfattar er det lov å vente noko ekstraordinært, særleg når det er tale om ei bok på over 500 sider. Kongen av Europa er ein god roman, men eg synst det vert mykje snerring mot den kulturfattige, utkantprovinsen Noreg. Det vert også mykje briljering med fakta, om ikkje Kjærstad står fram som skulemeister verkar han, på meg, iblant doserande.

Slik romanen sluttar, reknar eg med at (minst) ei oppfølgjarbok om Alf I Veber er planlagd. Trass i innvendingane - eg ser fram til å lese framhaldet.

Bjarne Tveiten

BOK

Kongen av Europa

Forfattar: Jan Kjærstad

Roman

Forlag: Aschehoug