Sørlendingen Erik Honoré, som til dagleg — i alle fall til no - er musikar og plateprodusent, debuterte med science fiction romanen Orakelveggen i fjor. «Strutter av talent» skreiv Øystein Rottem i Dagbladet, men peika på at romanen kunne verke noko uryddig. Det er også innvendinga eg har når det gjeld den vanskelege andreboka, Ubåten på Nørholm. Men la det vere slege fast med ein gong, Erik Honoré provar med denne romanen eit uvanleg litterært talent.I botnen ligg eit trekløver: Martin, Arvid og Collen. Dei har eit spesielt forhold, for å seie det varsamt! Eller, kva seier du til at dei ligg i same seng, på bryllaupsnatta til Martin og Colleen! Spesielle er dei òg. Colleen er dotter til den danske konsulen i Lagos, og det er der Martin møter henne. Han er 15, ho 19. Martin oppdagar at ho står i med ein innfødd handelsmann, og får henne til å lære han ein del om seksuallivets gleder. Arvid er stum. Martin skal eg ikkje seie meir om enn at han er svært musikkinteressert, og ein favoritt er Roxy Music. Seinare følgjer vi dei tre glimtvis i Noreg, i all hovudsak på Sørlandet, der Martin har greidd å selje ideen til eit lotterikonsept til både SND og andre investorar. For ein som kjenner litt til forretningslivet på Sørlandet, er det ikkje vanskeleg å gjette at Urdal-familien er ei omskriving for ein kjend shipping- og investorfamilie.Men denne trekanthistoria, viss det går an å bruke eit slikt uttrykk i dette høvet, er berre ein del av eit svært puslespel. Hendingane i dag er vovne inn i ei mengd andre historier. Heilt sentralt er eit avisbilde av Knut Hamsun frå krigens dagar. På bildet gjev den tyske ubåtkapteinen Hamsun ein konvolutt. I konvolutten ligg, skal vi seie, ein slags start på ei soge som no er i ferd med å finne avslutninga si. Kva den historia er, skal eg teie om, men det er meir: ei IRA-bombe, kulene som drap John F. Kennedy, ein tysk ubåtmatros - og Max, som liknar den svenske skodespelaren Max von Sydow.Med andre ord, også denne romanen har sterke innslag av science fiction. Han kan lesast som eit sterkt åtak på vår tids spekulasjonsøkonomi. I botnen ligg også, i alle fall for meg, ei slags kjølig, djuptpløyande analyse av korleis samfunnet vårt i dag brukar, for ikkje å seie, forbrukar menneske.Imponerande er konstruksjonen av boka, der oppattaking av episodar og innslag er eit sentralt verkemiddel. Roxy Music fungerer som ein av fleire raude trådar gjennom heile romanen. Tankevekkande, utan at eg skal utdjupe kva tankar det gjev meg, er titlane på hovudkapitla: «Høst i Arkipelet», «Vinter i Arkipelet», «Vår i Arkipelet», «Sommer i Arkipelet» - og «Natt i Arkipelet».Forfattaren har store ambisjonar, men det er i meste laget med trådar i veven hans, synst eg. Han landar likevel trygt, og eg tillet meg kategorisk å slå fast at Noreg med Erik Honoré har fått ein ny diktar av format.Bjarne TveitenBOKForfattar: Erik HonoréTittel: Ubåten på NørholmRomanForlag: Aschehoug