I den femte boka om Markus reiser pappa Mons og Markus til Kanariøyane på tre månaders ferie. Mons skal feire 50-årsdagen sin der. Det begynner bra, men så møter Markus og Mons familien Bekkevold. Pappaene Mons og Torfinn går på casino, og Mons spelar bort praktisk tala alt Markus og han har av pengar! Men, som i alle eventyr, det finst ein hjelpar — i dette høvet strikkedama Else. Ho skaffar Mons jobb på O'Malleys irske karaokepub, som innkastar. Etterkvart vert Markus innkastar, pappa karaokesongar - og endeleg rekneskapsførar. Irsk og irsk, eigaren kallar seg Dick O'Malley, men heiter i røynda Richard Olsen, og kjem frå Sandnes! Det får greie seg om innhaldet, men, som i alle bøkene om Markus, skjer alt i rasande fart, den eine urkomiske situasjonen avløyser den neste. Og, berre så det er nemnt, Sigmund er med, det same er Ellen og Mona Christine. E-postane blir mange og fulle av spørsmål/gode råd.

Klaus Hagerup fekk Brageprisen for den første boka om Markus, Markus og Diana. Dette er inga brageprisbok etter mi meining. Eg synst vel kanskje at forfattaren har pressa sitronen i meste laget, men også denne femte boka om Markus er vel verdt å lese. Språket flyt lett, forfattaren kosar seg framleis med å avsløre kor praktisk hjelpelause familien Simonsen er - og sikrar deg som lesar mang ein god latter, enten du no er 10 eller 50+!

Bjarne Tveiten

Mons og Markus på Kanariøyane

BOK

Markus og karaokekongen

Forfattar: Klaus Hagerup

Ungdomsroman

Forlag: Aschehoug