Eg-personen i denne velskrivne romanen, Hans, 49 år gamal, har vore sokneprest i Sveigen i sytten år. Han er gift med flyvertinna Bente. Ho er, naturleg nok, ofte borte. Musikk har alltid vore ein del av Hans' liv, så kvifor blei han prest? Vi får ikkje noko eigentleg svar. Bente vel, eg heldt på å seie, bokstavleg tala, å fly sin veg, forlate han. Nokså forvirra søkjer han permisjon frå prestestillinga — for å realisere ein draum om å bli kunstnar? Tja og nei.

Så enkelt er det ikkje i denne boka. Hans er ingen verdspianist, snarare tvert imot. Soknepresten Hans var heller ingen stor predikant. Han er smerteleg klår over båe delar, og han aksepterer at det er slik. Romanen kan godt lesast som eit innlegg i diskusjonen om kva rolle kunstnarar har i samfunnet. Som ei bok om val i livet kan romanen også lesast. Vaage bagatelliserer på ein måte båe delar. Hans vinglar og vaklar. Hans mishandlar Haydn, Beethoven og Bach.

Språket er umiskjenneleg «vaagsk», oppfinnsamt, til tider blir det nesten lyrisk. Den ironiske snerten manglar ikkje heller. Det mest imponerande er kanskje likevel måten forfattaren nyttar språket på for å gjere oss lesarar nyfikne, spørjande. Stadig vekk hadde i alle fall eg ei kjensle av at ein (eventuell) bodskap som måtte liggje i orda glei unna som ein glatt sprellande fisk.

Slikt vert det litteratur av.

Bjarne Tveiten

BOK

Tangentane

Forfattar: Lars Amund Vaage

Roman

Forlag: Oktober