«...den ultimate studentroman» basunerer forlaget ut om De nysgjerrige, andreboka til Hans Petter Blad. Det er ho ikkje. Men den ofte vanskelege andreboka til Blad er bra. Den norske hovudpersonen, Nikolai, sjekkar damer, drikk kaffi, les bøker og lever livet i universitetsområdet utanfor Paris. Daisy — som vel kanskje er kjærasten hans - blir valdteken (i parentes nemnt, av ein velkledd, nokså sjenert nordmann). Saman dreg dei for å melde overgrepet, men menneska dei møter på legevakta i verdsmetropolen, til dømes mange skamslegne arbeidarklassekvinner, får dei til å la vere.

Så langt om dei konkrete hendingane. Viktig er det, etter mi meining, å understreke at historia om Nikolai, Daisy, ein del nordafrikanarar og andre, vert fortalt retrospektivt. Hovudpersonen er ferdig med studentlivet. Det eg-personen minnest, og forfattaren skriv ned, er altså det utvalet av hendingar og refleksjonar som har fest seg. Då eg las romanen for andre gong, slo det meg at akkurat dette er viktig. Romanen til Hans Petter Blad er ikkje refererande, men eit reflekterande, instinktivt utval av minne om ein viktig periode i livet til Nikolai.

Det skal ikkje undre meg det aller minste om Hans Petter Blad ikkje er ferdig med personane sine i denne romanen. Her skal eg berre legge til at forfattaren, også i denne boka, viser språkhandverk av ypparste klasse.

Bjarne Tveiten

BOK

De nysgjerrige

Forfattar: Hans Petter Blad:

Roman

Forlag: Cappelen