Marion Hagen:

Akt

Roman

Aschehoug Debutanten Marion Hagen er 29 år gamal, og "Akt" er ein bra start. Vi møter eg-personen Liv, 27 år gamal, i Oslo. Ho kallar seg skodespelar, men lever i det meste av boka av å stå nakenmodell for ein kunstprofessor og elevane hans. I tillegg tek ho nakenfoto-oppdrag, men ikkje kva som helst. Ho bur i 3. etasje saman med Axel, Milla og Jenny. I 1. etasje er er det eit gravferdsbyrå med likhus. Ei tid var ho sambuaren til Axel, men det er slutt. Det betyr slett ikkje at Liv ikkje er seksuelt uaktiv. Boka er, mellom mykje anna, også ei erotisk oppdagingsreise, i fortid og notid. Retrospektivt får vi innsyn i tre hendingsrike år i London. Sentralt står Jo, ein velståande mann som manglar delar av den eine armen. Han er velståande, men ikkje spesielt tiltalande. Likevel blir ho ikkje kvitt tanken på han. Sex, dop, sprit — av alle dei sortar og slag, heldt eg på å seie, er sentrale ingrediensar. Alt er sett og opplevd i kvinneperspektiv. Iblant vert det i meste laget, og kanskje er det meininga? Skildringane er nakne, nesten kliniske. Liv har ein smule samiske gener, viktigare er at ho har noko feil med brystpartiet. Operasjonen som rettar opp dette, gjer området rundt hjarta (utanpå ) kjenslelaust. "Akt" handlar mest om å vere ung kvinne i dag. På menns premissar? Eg trur det, men sikker er eg ikkje. I alle fall er Marion Hagen ein spennande debutant. Bjarne Tveiten