Boka er på 510 tettskrivne sider. Boka er fyrste bindet av i alt ni eller ti om gardar og ætter i denne Setesdals-bygda. Bygland kommune har 69 gardsnummer. I den boka eg her sit med i hendene, kan eg lese om seks av desse gardane. Det er gardane lengst nord i kommunen som her er omtala. Birkeland, Øvre og Nedre Langeid, Øvre og Nedre Hegland og Ånebjør. Når alle binda i serien er ferdigskrivne, har Bygland heilt visst fenge ei av dei fyldigaste og mest innhaldsmetta bygdebøkene i landet.Eg føler sterk hug til å gje heider og ros i ei stund som denne. Før eg nemner forfattaren, vil eg dra fram Bygland kommune. Eit storverk som dette får inga bygd gratis, sjølvsagt. I Bygland flyt dei ikkje over med pengar. Mindre kulturmedvitne politikarar og byråkratar enn dei som styrer, hadde sjølvsagt funne ut at eit så dyrt prosjekt hadde bygda på ingen måte råd til. Men slik var det ikkje i Bygland. Der fekk folk makt som såg verdien i å knyte trådar bakover til dei som har levt før oss og til det arbeidet dei la ned og til den kulturen dei skapte.Bygland har ei aktiv og målmedviten bygdesogenemnd med Jon K. Nordibø i brodden som i ei rad år pressa på for å få ei gards— og ættesoge inn på eit budsjett der det var trongt om plassen. I 1991 blei Torbjørn Borgi valt til ordførar. Han såg at fyldig og kvalitetssikker lokalhistorie er ikkje luksus for ei bygd. Det er noko eikvar bygd treng som søkjer fotfeste. Saman med rådmannen, Ola Tolstad, leiaren i kulturstyret, Gunnar Stubseid, og andre kulturmedvitne personar i leiinga av Bygland kommune starta den nyvalde ordføraren arbeidet med å planlegge framdrifta av historieverket og få det trygt inn på budsjettet. I desember 1993 godkjende kommunestyre ein avtale med lektor Reidar Vollen, der Vollen tok på seg å samle stoff til og å skrive gards- og ættesoga for Bygland.Reidar Vollen har historie hovudfag. Han er oppvaksen i Kristiansand. Men som namnet hans ber vitnemål om, har han slektsrøter i Bygland. Det viste seg at bygdeboknemnda i Bygland hadde funne rette personen. Vollen er forskar av natur og legning. Han starta opp innsamlingsarbeidet sitt med liv og lyst i 1994. Bygland kunne ikkje få inn ei full forskarstilling på dei årlege budsjetta. Vollen laut derfor kombinere arbeidet for Bygland med lærarstilling i Kristiansand-skulen. Det greidde han greitt, for det mest sentrale kjeldematerialet var å finne på Statsarkivet i Kristiansand. Arbeidet med kjeldene er nå så godt som avslutta. Att står det å skrive bøkene. Fyrste bindet kom altså nå til jul. Andre bindet er på det næraste ferdigskrive og vil kome i handelen til neste jul. Slik kan folk i Bygland og folk røter i denne bygda, sjå fram til ei gild julegåve kvar jul i fleire år framover.Skulle eg kort karakterisere den boka som nå er komen, trur eg ikkje eg kan gjere det betre enn med å seie at det er eit umåteleg solid arbeid. Vollen har eit innsyn i, og eit oversyn over, kjeldene som bare må imponere. Det verkar som alt som er skrive, er sjekka og kryssjekka. Den som skal finne feil i denne boka, må stå tidleg opp om morgonen. Boka er utruleg innhaldsmetta. Kanskje kan tin og annan finne detaljrikdomen vel omfattande. Men me må her ha i tankane at boka i særleg grad er skriven for dei med naturleg interesse for gardar, bruk og ætter boka fortell om, og for dei vil boka slik ho er skriven, vere nærast ideell, ei rik kjelde å ause av til glede og opplysning. Det er reist den kritikk mot ein del bygdehistorikarar før at dei skreiv mykje om dei med god gard, men lite om husmenn og andre fattigfolk. For Reidar Vollen er alle like. Om nokon blir meir omtala enn andre, så er grunnen at kjeldestoffet ikkje er likt fordelt.Som sagt er Reidar Kristiansands-gut. Han skriv bokmål til dagleg og har lite skrive nynosk. Men bygdebok for Bygland måtte sjølvsagt skrivast på nynorsk. Og den oppgåva har også Vollen meistra godt, svært godt vil eg seie. Språket sit som støypt, og er sakleg og solid som innhaldet. heller ikkje språklege feil er å finne.Byglendingar heime og ute: Gled dykk over dette praktverket!BOKReidar Vollen: Bygland gard og ætt Bind IOlav Arne Kleveland